torsdag 12. mars 2009

Torsdag ?????????

Hei

Idag er ikkje Laila heilt sikker på kva slags dag det er, men vi trur det er Torsdag. Vi har no vore i Chile i tre veker, idag først vart papira levert til Folkeregisteret her.( det vart jo selfølgelig ei veke forsenking på grunn av det navnetullet) Så vi veit ikkje heilt kor nær vi er den etterlengta heimreisa.

Men i går skjedde det noko trivelig. Vi møtte den andre norske familien som er her. Dei ligg ei veke etter oss, og har fått to nydelige barn. Det var vidunderlig å få snakke med nokon som står i same situasjon, og ikkje minst nokon som snakkar norsk. (Spesielt når det er så trivelege folk som dei) I dag har dei tilbringa dagen her hos oss, ved svømmebasenget. Barna leikar godt ilag, og Lilletrollet er faktisk sliten.

Andrè ser positivt på at no har vi faktisk invitert nokon til bursdag på søndag. Andrè er faktisk den av oss som ser ut til å lengte minst heim.

Elles så har vi enda fint vær, vi kjem til å bli kjempebrune. Sjølv om Laila enda tviholder på at alle skal bruke faktor 30. Vi kan antakeleg ha fått godt nok grunnlag til å gå ned til faktor 20 etter 6 uker her. HI hi.
Kos dokke heime, vi koser oss enda her nede.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar