mandag 28. desember 2009

Romjuls sysler

Og så kom vinteren. Deilig for alle sammen. Ut og prøve nye ski og kjelkar, og leike seg i snøen.
Lillegut fekk seg ski til jul, og var overlykkeleg, no skulle han ut og "hoppe", for det hadde han sett på TV. Men det gikk ikkje mange stega, før han litt slukøra måtte meddele at dette ikkje var heilt lett.
Men eg ser ikkje på det som noko problem å lære han å gå på ski, han er nemlig ikkje typen som gir opp. Han har no vore ute og gått på ski kvar dag.


Eldstemann har ikkje fått fram skia enda, men har vore ute kvar dag han òg.


Gradestokken har no krope ganske langt nedover, og er nede på-10. Men her er vindstille og eit fantastisk vær.
Var ute og tok nokre bilder av månen, det er nesten heilt lyst ute.

Eg og Rakel var på ein sein ridetur, men det var berre heilt fantastisk vakkert. Hadde ikkje behov for noko lys.

No har eg fått mange beskjeder her i gården at eg aldri viser bilder av meg sjølv, men det har jo sin enkle forklaring at det er som regel eg som tek bilda.
I dag vart eg knipsa i stallen, når hesten får mat og stell etter turen. Ho har også fått ullteppe på, sidan ho var litt svett.
Hestane skal stellast godt med når det er kaldt,(ellers også altså)No har vi nokre hardføre dyr, og dei har godt med vinterpels. Vi klipper aldri hestane våre. Derfor er dei heite og gode heilt ned til -20 grader, når dei er tørre.
Men sidan alle hestar har litt spesiell ømfintleg mage, toler dei ikkje kald mat og drikke.
Derfor berer vi vatn fire gonger dagleg, og det dei ikkje drikk opp slår vi ut, og så får dei det turraste, beste høyet.
Var nettopp ei tragedie ei nobobygd her, der fleire hestar strauk med på grunn av kolikk.
Derfor er dette VELDIG viktig.
Og så må det jo nevnast at ovnen hoppar og går, og sidan denne typen eigentleg skulle vore utskifta med ein meir moderne type, så varmer den godt. Den får gjere nytta si ialle fall i vinter òg. Men sidan den skal varme opp ca 200 kvadrat åleine, så skjønar dere størrelsen på vedkorga.
Ønsker dere alle ei fortsatt god veke.



torsdag 17. desember 2009

Snø

Så endeleg kom snøen, og med den skikkeleg julestemning.
Vi har vore på beina i heile dag, lillemann var oppe og ute før frukost, vi andre gjekk ut nett etter.
Vi har fått gang på rattkjelkane, og det er litt morsomt, for som dere alle sikkert veit så bur vi på fjellet, og her er det mange lange bakkar.
Etter ein innkjøpsrunde på butikken, var det tid for juletrehenting. Og vi fannt eit passe fint tre etter ei lita stund. Etter det har ungane basa ute i snøen, og mor sjølv fekk tid til ein ridetur.

Vi gjorde det enkelt i å også, pepperkakehus fra Rema. Så etter at mor sjølv neste røykla heile kjøkkenet med sukkersmelting, så fekk vi pynta hus til slutt.


Og no, cappuchino og brune pinner til mor.

Ønsker alle ein Riktig god Laurdagskveld.

tirsdag 15. desember 2009

Så har vi oppdatert litt, var ute og tok nokre bilder i dag av huset, og så kom sauene tuslande og la seg ned utanfor gjerdet.

No er det eigentlig ikkje slik at dei skal vere SÅ frittgåande, men det heile skyldast eit hull. I eit anna gjerde. Men så lenge grinda inn til hagen er igjen, så er det jo berre koselig at dei kjem og helsar på.

No skreiv eg i går at det snødde, men det var ikkje rare snøen som kom. Berre ein cm.



Alle her på gardstunet var i ettermiddag ute i skogen og grilla pølser, og etter at vi kom inn igjen sat vi og spelte pakk-esel. ganske morsomt og veldig enkelt spill, og passer alle aldrar.



Og i skrivande stund så ser eg at pusen verkeleg har funne seg til rette, eg har funne fram jule-løparen min, og julegardinene, og der fann han ut at det var fint å liggje.
Og så må eg berre gje alle eit godt tips (som eg sjølv fann i eit interiørblad ein gong)
Og det er knaggar til skulesekkane. Gutane har kvar sin i Spisestova, sidan det er der dei gjer lekser. Og kvar dag dei kjem heim heng dei sekkane rett opp der.
Supersmart og ryddig, om ikkje så veldig vakkert.

Må også få med eit bilde av den flotte Væren vår.
Han er av typen Gammalnorsk Spæl, og er ein stolt og artig type, litt lumsk visst du ikkje har med noko godt til han, men stort sett grei. (trur eg)


Dette vart eit litt rart innlegg, om hummar og kanari. Men det er også mykje rart som skjer her på Tunet om dagen.
Ønsker alle ei fortsatt god veke.

mandag 14. desember 2009

Så var det ho som skulle holde ein oppdatert Adventskalender. Tida har floge av stad, og vi har vore opptatt med oss sjølve, litt venner og familie, baking, maling og diverse.

Eg ser at det snart er på tide å oppdatere headeren vår, og sidan det no snør, så får vi sikkert fine bilder i morgon.


Slik vart vår Adventskalendar sjåande ut til slutt.
Vart ganske fornøgde med resultatet. Og no har vi ein kalender for mange år framover.


På Laurdagen var eg og gutane+pluss ein kompis ute for å finne einer til å pynte ute med. Og då må vi jo gjere det skikkeleg, med hest og vogn. Eldstemann handterer hesten fint no aleine. Litt uklare bilder, men både fotografen og hesten var i bevegelse.

Ønsker dere alle ei god veke.

søndag 6. desember 2009

Adventkalender

Dette vart jo ein fin kalender, med innlegg i hytt og pine. Men skal ta det i rekkefølge.

2. Desember gikk i rasende fart, og det eg fekk gjort av juleforberedelser var absolutt ingenting. Fikk inn eit hastesyoppdrag på jobb som tok all tid.

3. Desember gikk ikkje noko serlig likare, men eg fekk sydd noko meir på gutanes adventskalender. Mykje jobb, og lekser om eitt anna.

4. Desember var det mykje jobb og fram og tilbake, og så hadde eg lova "gutta boy`s" bowling og Pizza. Og da må man prioritere. Lilleguten slo både mor og Storebror med god margin. (betydde ingenting at han brukte barnebane)

5. Desember og lørdag, og mamma kan endeleg puste letta ut. Har avlevert arbeid som hasta med. Så det vart kafèbesøk, julehandel, og pepperkakebaking. Gutar og husbond hjelpte til med husvask, og mor fekk til og med vaska nokre tak her og der. Husbonden er ferdig med å fuge på brannmur, så då er det berre å male taket igjen.

6. Desember og andre søndag i advent. Mor og Gutta tok avgarde i varebilen, med syklar og hjelmer og greier, for når vi skal på lang sykkeltur så må vi kjøre.
Jo da, og det fordi vi bur litt høgt over havet, og her er enten rett opp eller rett ned. Ei sykkeltur i sentrum er ikkje å forakte heller, da dropper vi innom ein kafè for kakao, ein bensinstasjon for sjokolade, og ein plantasje for å sjå på nissar og kjøpe svibler. Og så treffer vi på så mange folk. Og sjølv om andre meiner det er litt oppskrytt, så meiner mor at det er litt viktig å treffe litt folk av og til.
( Vi er ikkje nokre enstøingar altså, men sidan mor har hatt lange dager på jobb, og ho jobber heime, så blir det mange dagar heime på ho, derfor eit behov for å sjå folk)

Så no håpar eg at eg kan oppdatere min adventskalender meir jamnleg.

Ønsker alle ei god veke.

tirsdag 1. desember 2009

1. Desember

1. Desember.
Husfruas Julekalender.
Eg er ikkje den som har alt under kontroll her nei. I År var det duka for at på Gardstunet skulle vi få ein Adventskalender som var ei syerske verdig.
Men sidan det har vore veldig hektisk her, så har eg ikkje fått begynnt ein gong.
Så..... planen har vore i hove mitt ei stund, så derfor var det meste kjøpt inn, eller iallefall tenkt ut.
Men når datoen bikkar 30.november og klokka er 20.00. er det vel på tide å setje igang.
No er det blitt like mykje Husfruas Adventskalender, som dei Håpefulle sin.
Derfor blir det kvar dag nye framsteg.
24 lommer i lin, 6 raude og resten natur.
Bakgrunnen i eit stort linlerret med mellomlegg og lerret til bakstykke, skal vere kant rundt, men har ikkje heilt bestemt kor stort "arbeidet" skal bli til slutt.
I utgangspunktet skal det vere litt tilfeldig, då eg har ein fobi mot symmetri. Så det er litt terapi dette med trekantform. Men tilfeldigheita her er nøye oppmålt.

Ikkje akkurat ein teknisk-tegning men gjer nytta.

Nokre av lommane får litt ekstra pynt.


Dei to gutane hadde ønska seg Lego i kalenderen, og då tenkte jo eg at då kjøper eg ein Legokalendar litt snop, og deler det fint opp, kjapp, kjapp, ferdig, ferdig.
MEN
Så var det jo det å ver litt i seinaste laget då. Jo da, det var ikkje fleire legokalendarar å oppdrive i heile fylket. (lurer på når eg har tenkt å lære)
Det enda med to pakker lego til kvar, som eg måtte sitte å dele opp i passe mengder, slik at dei kan bygggje litt kvar dag. For å gjere det litt ekstra spennande for storebror, har eg kopiert bruksanvisningen, slik at han ikkje veit kva hans ting skal bli til slutt.
(Og slik at eg kunne få litt meir arbeid )
Resultatet vart ein kalendar gutane kunne byrje på i dag tidleg.
(Og ei mor med litt for få timar søvn)
Fortsettelse følger.




søndag 29. november 2009

1.søndag i advent, og heilt enkel advents-stake. Kjem vel meir pynt etterkvart.
Har vore nokre litt travle veker.
Sidan min jobb er å sy, og interiørsaum, så seier det seg sjølv at før høgtider så er det eit sabla kjør, men det gode med det er at to veker før jul så er det stille. (berre å halde ut)
Derfor blir dei fleste juleforberedelsene her i huset gjort etter den 12.desember.
Men det viktigaste av alt, eg har hatt tid til å kose meg med ungane. Vi har vore på turar, vi har vore på tilstelningar på skulen, juleverkstad, baka og grilla under åpen himmel. Så kva gjer det om ein ikkje har ein ferdigpynta heim til advent.
INGENTING.


Og så eit lite hjertesukk. Bakdelen med å drive på og pusse opp eit gammalt hus, medan du bur der, er at ikkje allt blir ferdig med ein gong. Det blir ståande igjen småplukk som irriterer forferdelig. Og før du blir ferdig så er du også lei av det du allereie har gjort, og det er tid for forandring i opprinnelege planer.
Skal ikkje skjylde alt på dårleg tid heller, for vi er litt flinke til å la ting ligge, visst vi har lyst til å gjere noko anna.
Ein til tider irriterende eigenskap, men gud kor deilig når det skjer.
Men no er beslutningen tatt. Kjøkkenet skal gjerast heilt og holdent ferdig til jul. Lister skal malast, og taket som eg i utgangspunktet ville ha beisa, skal no bli lyst.



Brannmuren skal fugast og listast, og husbonden er allereie igang, og eg er begynnt med å vaske tak. Har ikkje den beste helsa til takmaling akkurat, men eg får prøve.



Ja, og så må eg berre sei, eg og mor hadde ein liten husmorferie til Bergen forrige helg, og fekk offisielt opna julehandelen her på garden. Då fekk eg med meg denne yndige muggen fra Ikea.
(og mange andre ting frå forskjellige butikkar i By`n, kan ikkje gå inn på allt, då eg kan bli stilt til rette for det seinare, hi hi)

Vår lille sjarmør som skal feire sin første norske jul er litt overvelda.
Han er litt fasinert i denne nissen som alle snakkar om , og vart heilt fortapt i ei nissedrakt på REMA 1000.
Den har han gått med heile helga.
Han set ganske mange spørsmålstegn ved tradisjonane våre, juletre,pakkar,pynt, handel, lys og nissar.
Og det får ein sjølv til å tenke litt meir over saker og ting.
Blir litt overvelda sjølv også.
Ønsker alle ei riktig GOD Adventstid.

søndag 15. november 2009

Søndagtur

I dag morgon såg det ut til at det vart ein innedag, men ting forandra seg etter kvart.
Og det vart nokså bra utover.


Husbonden og minstemann skulle ut for å finne ein sau med lamb, som ikkje var komne heim enno. Dei fann han ganske raskt, og då har alle ulldottane komt heim i år.

So var da på tide og hente nye-væren. Han er ein staseleg kar, og skal gå her ei stund for å sjarmere sauene på garden. Han verka litt forvirra av at han skulle gå ute, men snart har han vel andre ting å tenke på. Fekk ikkje bilder av han, men det skal eg leggje ut seinare.
+
Eg og eldstemann fann ut at det var ein strålande dag for å gå rundt bekkjavatnet. Det er ein mykje brukt tursti litt utanfor byen. Nokre eldsjeler har tilrettelagt med sti, bruer, fleire gapahuker, og grillplasser rundt vatnet.
Vi fekk verkeleg med oss Blåtimen i dag.

Med kakao og boller kosa vi oss stort.


Litt trolsk stemning når kveldsdisen legg seg over vatnet.



Eg har lenge gått og ønska meg ein engel, og fredag dukka han opp. Ein gave fra ein kollega. Tusen takk.

Og så er husfrua i gang med julesøm, og det resulterte i tre store hjerter i lin, skal også lage mindre, og dei skal alle få litt dekor.

Ønsker alle Ei strålande veke.

lørdag 14. november 2009

Velukka Hestedag

Vi vakna til eit forykande vær i dag. Det låg snø over høgda, og det bles stiv kuling.
Men vi koka oss kakao, smurde oss nistemat, kledde på oss det eine laget klær
føre og hitt itte.

Og er det noko vi Vestlendingar kan så er det å kle seg.
Det er ingenting anna som hjelp: Ull underst,fleece utanpå, og termodress ytterst.
Og så bega vi oss i veg. Mykje folk var møtt opp til ein uhøytideleg og fin konkuransedag. Det såg ut som om at alle kosa seg. Mange flinke Rekruttar som gjorde ein super jobb.
Kjekt å sjå så mange unge ryttarar.
I Stallgangen er det heitt og godt, og her inntar vi nistemat og varm kakao.
Under slike tilstelningar blir det litt venting, så då er det lust å ete litt.

Eldstemann gjorde ein fin ridekonkuranse og enda vel på ein god fjerdeplass. Han var superfornøgd, sidan han berre har ridd tre ganger før i år.

Minstemann gjekk utan poengtaking, men rei ei nesten feilfri bane så han kunne gjort det verkeleg godt, men han fekk hederlig omtale og var sjølv i storslag.

Mor sjøl pådrog seg mange feilpoeng i Kjøyreklassa, men fekk ein 3. premie i ridinga.
Vi er litt stolte og feira heime etter at hovedpersonen Rakel (hesten) hadde fått godt stell og mykje gode gulrøtter
Håper at slike konkuranser kan bli arrangert oftare. Der alle kan vere med, med den hest og utstyr ein har.

torsdag 12. november 2009

Endeleg på gang igjen

Så etter ein ufrivillig bloggpause er eg tilbake igjen, eg har ikkje fått logga inn på bloggen min på langt over ei veke. Og så har eg vore sjuk att på til. Snakk om å holde på å gå fra konseptene.


No er det ei veke sidan stova var erklært ferdig, og møblane har dukka opp, konsollbord og speglar er blitt mala og pussa.


Konsollbordet vart mykje finare kvit, dårleg bilde, men kanskje kjem det bedre etter kvart


Den lenge etterlengta sofaen er på plass så vi har fått flytta inn igjen i godstova. Ventar no berre på toseter. Etter to timar med gardsklientell, hoppande, sprettande og liggande i flunka ny lys sofa, måtte husfrua til med tiltak, og det er tepper og pledd.

Eldsteguten itereserte seg i sommar for origami, kjøpte seg bok og papir, og har sidan laga mange flotte figurar, han har no laga så mange fuglar at han kan dei atanat. Så då han sat i bilen og venta på mor ein dag, så fann han nokre kvitteringslappar, og begynnte og brette. Det resulterte i mange supersmå fine fuglar som passa utmerka i uroen vår.

Han er også ein ung lovande gjenbrukar, og har no sett gleden av å forandre på ting, her skal ein plastgull-jalla spegel få ein ny utsjånad. Fortsettelse følger.

Etter at både mor og soner har vore sjuke så må det til god gammaldags sikringskost. Fleskepannekaker.
Har oppdaga.( bedre seint enn aldri) at når eg steikjer i to panner så går det verkeleg unna.
+
No skal eg gå å leggje meg, for eg treng litt god søvn før helga.
På Lørdag er det konkuranse i brukshestkjøring på Mo.
Brukshestkjøring er kjøring med firehjulsvogn som er ledda. denne skal svingast, snuast, ryggast og mykje anna i ulideleg trange rom.
Eg har aldi vore med på dette før, så det blir spennande.
Det set både Hest og kusk på ei verkeleg prøve.
Ein bør ha ein hest som både kan krysse frambein og bakbein, både eit par om gongen og samtidig, og så visst du er heldig så får du dette til bakover også.
Eg veit at Rakel-hesten kan, det som er saken er at må eg greier å gi ho riktige beskjedar.
Men først og frems så skal vi på Mo for å treffe andre hestar og hestefolk og ha det triveleg.
Ønsker alle saman ei god natt.





lørdag 31. oktober 2009

Ikkje akkurat


Ikkje alltid at ting blir akkurat slik ein hadde sett det for seg inni hodet.


Den gamle vaskestampen som Husbonden så møysommeleg har sett saman igjen, og gjort så fin, vart berre akkurat litt for stor og voldsom i stua. (bogger)





Og konsollbordet som eg hadde sett for meg så vakkert på same veggen, vart berre lite og pjuskete. No hadde eg tenkt å male det litt da, men måtte berre sjå litt korleis det vart først.

Men no skal dei få lov å stå der ei stund, til Husfrua har fått summa seg, og kanskje med litt meir passande tilbehør, så blir det ikkje så gale.



Har heller ikkje fått gjort så veldig mykje produktivt den siste veka,

pga. pleiing av influensasjuke unger. (og meg sjølv)



Men heldigvis kjem det fleire dagar.

mandag 26. oktober 2009

Finvær

I dag måtte eg berre ut og nyte Finværet.
Ikkje det at det har vore så ille i det siste, men her har vore mykje vind, og da så sur at ein frys av seg nasetippen.
Og kva er da bedre enn å nyte hestane som inntar sitt første måltid for dagen, pus som stryk seg oppetter alt mogeleg og liksom ikkje får nok av dei varme strålane.
Og så får ein ei oversikt på kva som må gjerast i hagen. Rosebuskene treng dyne på, spann og panner på trappa treng litt farge i seg. Elles er det berre å nyte at alt har gjort sitt for sommaren og treng å kvile til neste sesong.





søndag 25. oktober 2009

Og så endeleg er golvet lyst og lekkert. Berre eg kunne tatt veggane òg, men der sette husbonden ned foten gitt.
Kanskje like greitt, for har ein først mala så er det ingen vei tilbake.
Og så var det jo dette med å bevare sjela. (til huset iallefall)
Og so har alle mine gode prinsipp om måtehald og gjenbruk krasjlanda.
Litt iallefall.
Etter mange år med å finne brukt, male og pusse opp, sy nye trekk og trekke om, har eg gått til det drastiske steget og kjøpt ny sofa.
Men eg trøstar meg med at bordet, eit uvanleg utdatert furubord, ikkje måtte lide same skjebne.
Å bli erstatta.
Derfor fekk det litt ny maling, og litt lasur, og kan leike litt shabby her hos oss ei stund til.



Og so over til noko heilt i min gjenbruks-ånd.
Eit gammalt spisebord, som har stått i huset og vore med på mangt eit måltid for fleire generasjonar.
Eg og mor har no delt på det, og no skal da få lov til å verte to vakre konsollbord .
Må også informere om at lille vedkorg går mot ein ublid skjebne.
Husbonden er i full sving med å restaurere ein stor gammal stamp, som vi fann i kjellaren, og den skal få æra av å oppbevare veden her.








lørdag 24. oktober 2009

Gurimalla

Så var vi tilbake, etter ein laaaang bloggpause.

Ikkje fordi det ikkje har hendt noko i det siste, men fordi det har vore mange andre jern i ilden. Sommeren gjekk i rekordfart, med mykje hest og anna gøy her på tunet.
Og etter ein litt sur og utruveleg haust, går vi no inn i ein super tid. Nemlig førjulstid.

Merkelig eigentlig kor tida går når ein har det gøy, har sett meg ned utallige ganger, for å oppdatere bloggen, men må springe til noko anna eller så er det so mykje som skjer at eg ikkje veit kva eg skal skrive om.

Derfor dette litt rotete innlegget berre for å annonsere at eg er tilbake igjen.

Ei kort oppsummering.

Etter mykje trening og stell av merra i sommer, gjorde vi det veldig bra på utstilling og bruksprøve og kan no skilte med ei 3.premiehoppe som er ein særs god kjøyre og brukshest.
Og etter det så får ein berre lyst til å fortsette og skal no for første gang stille i ei konkuranse. Det blir moro.
Eg held på å vri hovet mitt dag og natt for korleis eg skal få til å rygge i 90 graders vinkel med firehjulsvogn inn i ein garasje som ikkje er breiare enn vogna. Artig.

Og sidan vi held på med å restaurere huset vårt enno. (antakelig kjem vi til å holde på med det i fleire å framover) Vi tar det i bolker. Vår, sommar tilhøyrer uteaktivitetar. Vinteren er forbehold litt inneaktivitetar. No har vi storstova som prosjekt. Og det som sto på tapeten her var golv. Trudde selfølgelig det var berre å pusse og male, men når eg først set i gang med noko, så kan ein like gjerne gjere det skikkeleg.
Golvet i stova er nesten 80 år gammalt furugolv, og vi har vore plaga med litt trekk her, som vi ikkje har greid å tetta frå undersida. Derfor måtte alle sprekker tettast med akryl. Og gjett om det funka. I dag er der ingen trekk igjen. Så etter eks antal tuber med akrylmasse og såre og ømme kne, pussing, grunning, pussing igjen, og maling, vart golvet nesten som nytt. Og stova har fått eit helt anna lys. Det vart rett og slett vakkert.
Bilder kjem seinare.

Vi har også vore gjennom ein begivenhetsrik skulestart for vår herlige minstemann. Noko som krever sin forelder.

Og så har eg gått tilbake til litt jobb, og sidan er har eit så pass kreativt yrke som eg har, så held eg på å boble over, nei det vart visst heilt feil,
eg HAR bobla over, av idear og prosjekt som eg vi settje i gang med. Eg har sidan eg starta blogginga også hatt ein blogg som heiter Systova, men sidan det siste året har dreia seg mykje om barn og adopsjon så har denne berre ligget på vent. No er det på tide å pusse litt støv av denne og kanskje få ut litt av mine prosjekter der. ( men ikkje i dag)
Og sidan det no har passert 24. oktober og berre er to mnd igjen til jul, så er vi inne i min sesong.

No skal eg gå og leggje meg, men lovar å komme tilbake med bilder og meir etter kvart.

God Søndag

onsdag 1. juli 2009

Hestesommer

Ja da var vi på gang igjen.

No har det vore lenge stille her på bloggen, men det er fordi det overhodet ikkje er stille på Tunet.
Vi har tatt imot alle sommergjestane, så no er her åtte hestar på garden. Alle storkosar seg og går godt ilag.
Og så har eg fått heim Rakel.
Snille, lille hesten min. Ho var i ein sørgeleg forfatning då vi henta ho. Tjokk og brei, segen og sliten, litt deppa og pjusken. Men etter ei god veke med kos og stell, så kvikna ho til, og no er ho i sitt gamle eg igjen.
(Og så blir det føll ut i mai ein gong.)

Nå er det berre ein ting som gjelder. Og det er selfølgeleg Hest.

Og for dei som ikkje veit det så arrangerast NM-Fjordhest på Mo i Førde. Det er vel verdt eit besøk

Vi har jo to av sorten og er glødande interesert i emnet. No er verken eg eller mannen så veldig spreke til hest at vi stiller til NM, men dette er eit av dei store hendingane om sommaren.

Forrige torsdag pakke eg telt og pikk pakk, gutar og meg sjølv av garde til fjells. Det var eit strålande vær, men da vi kom fram så måtte vi fint innrømme at det ikkje gjekk an å overnatte ute. Det var så innmari med mygg og fluer at vi holdt på å tørne. Vi kunne no alltids ha rømt inn i teltet, men det var uholdbart for hesten å stå ute.
Og som dei fleste forstår så er det ikkje plass til ein Fjording i eit telt. (sjølv om ho er lita)

Så etter nokre gode brødskiver med syltetøy, så labba vi oss heim igjen.




Henrik er veldig karslig der han står og lener seg til hesten og forteller Pappa (i mobil) kor flink han er blitt til å ri.

Og han trivast både med dei små og dei store hestane. Her på Pjuske.( ein Sjettis som er på besøk)

Må også vise eit bilde av flinke og tolmodige storebror. Som har sin første sommerjobb i år.
Han er med som frivillig hjelper under NM-Fjorhest, og hjelper til både på kjøkkenet og som protokollbærar.


I Førde skjer det også andre ting enn hest denne veka, og det er den store Internasjonale Folkemusikkfestivalen.
Da er det eit yrande folkeliv i gatene, og alt som kan krype og gå i den lille byen er på føtene for å få med seg alt det som skjer.
På laurdagen er det opptog gjennom byen, og da tar vi fri fra NM.
Ja for nettopp å kjøyre Hest og vogn.
Stas-selen er pussa og finkleda klare.
Så då sjåast vi der