lørdag 28. februar 2009

28.februar.




Hei igjen.

Her i Chile holder vi ut. Idag og i går var her over 30 grader, så vi har det varmt og godt. Dagane går med til å bade, ete, leike med Lego, spele fotball, gå ein tur til byen, og prøve å få ein rutine på ting.
Vi begynner å merke at vi er litt mykje på eit lite avgrensa område, og i dag har det liksom toppa seg med at vi ikkje hadde varmt vatn til dusjing.

Her er nokre bilder av byen Temuco. Gateselgere og damer som selger varme empanadas. Her er mykje folk, men også mykje politi i gatene. Alle politi og vakter er bevepna, og det verkar litt rart på oss nordmenn. Men Huguito helsar alle politiene med: Hola mis amigos. Como estas.
Han er nok opplært til at politiet er ens venner, og det er jo bra.

Andrè står på fiskemarkedet og griner på nasen, og det er ikkje utan grunn, de kan sjølv tenke dere korleis eit slik innandørs fiskemarked luktar i 35 grader.
Elles så har vi no tatt opp litt skulearbeid. Så her er klasserommet til Andrè. Han synest det er heilt toppers.
I dag hadde Laila og Andrè seg ein tur aleine til byen mens Huguito og Tommy bada. Vi åt ein herleg papatas fritas (pommes frites) på ein liten kiosk. Der ser vi heile gangen fra å vaske poteten, skrelle, dele og steike. Litt morsomt.
I morgon tar vi sikkert turen litt videre enn 20 min fra hotellet. Håpar alle har det bra heime og holder seg friske.

torsdag 26. februar 2009

Torsdag.26.februar


Hei alle saman.

Det går framleis fint her nede i Chile. Vi koser oss. Sidan det var bursdagen min i dag har vi feira med å ta ein runde med shopping, og kos i byen. Har ete på McDonalds og greier. Elles var vi innom Mercado municipal som er eit stort lokalt marked på eit heilt kvartal. Her finner vi det meste av lokalt handverk. Mapuche handtverk. Det består av mykje ting i tre, smykker, trommer og strikkevarer (ponshoer og jakker). Det står tett i tett.

Elles så går vi stadig framover i spansken, og i dag fekk Laila endeleg kjøpt paraset. Kvar tredje butikk her er en Farmacia. Men det er ganske langt til daglegvaren.

Vi har ikkje fått tatt så mykje bilder av byen, men det kommer etterkvart. Bybildet er ganske spesielt. Husa er på ein to-tre etager, trange gater med det meste av kjøretøyer. Overfylte busser, hissige taxier, hester og så de stakkars hundene. Her er eit utall av laushunder. Overalt. Og om nettene holder dei eit sørgeleg leven. Hundene går og valser på fortauene, men passer seg for både folk og biler. Eller så ligger dei og sover under eit boss-spann. Her er eit bilde av ein av kvelpane som holder til utanfor Hotellet.

I dag har det også vore fint ver og vi har fått bada mykje. God natt og ha det bra alle saman.

onsdag 25. februar 2009

Onsdag.25.februar.



Hei alle sammen. Takk for helsingar frå dokke alle. Vi har no vore heimanfra i ei veke, og Laila er glad for å ha kontakt med heimeverdenen ein halvtime kvar dag gjennom denne blogg.
Godt å høyre at dyra har det bra.

I dag var vi i retten, og det gjekk jo ikkje som forventa i det heile tatt. Iallefall ikkje som vi hadde trudd. Advokaten vår syntest det gikk greit. Dommeren ville ikkje snakke med oss ein gang. Og vår advokat og Senames advokat var i retten aleine. Vi fekk beskjed om å komme tilbake etter ei veke. Så det er berre å takke og bukke og sei at det går jo fint og at vi gjerne vil vere her i dette landet leeeeenge.

Vi lurer jo også på om vi faktisk skal vere her ei stund til, for her er faktisk ganske flott. Vi trudde jo at Chile var like dyrt å bu i som i Norge.Men det er ikkje heilt sant. Vi tok ut ca 200.000 Chilenske pesos i Santiago. Og av dei har vi faktisk enda. Da har vi betalt taxier, tips til div folk, all mat og drikke, og røyk, kle og leikar til Huguito, og mykje anna digg. 200.000 pesos er ca 2000 nkr.

For eksempel kostar ein pakke røyk 10 kr , taxi til byen 8,5 kr, men vi går for å spare penger. ( ha ha ha)

Laila har alltid sagt at oppvaskmaskin og vaskemaskin er verdens beste oppfinnelser, og det har ho ingen grunn til å ikkje meine lenger. All ære til vaskemaskinene. Her er ikkje nokon. ...............

Men vi har ei dame her som kjem med frokost til oss kvar dag, og så vasker ho litt golv og så prater ho litt ( mykje rart som vi ikkje får med oss, derfor nikkar vi og då ler ho)

Som dere forstår så koser vi oss, trass i utfordringane, humøret er på topp. Huguito har gått og pratet masse heile tida, og så ein del ord som laila ikkje har peiling på. Bla. sjoer . Det betyr faktisk sjå her. Han kjem no av og til med norske ord, men det han seier best er isbjørn og fly.

I dag har vi vore å kjøpt sko til han, men vi angrar på at vi ikkje tok med meire leikar fra Norge for det er begredelig utvalg og kvalitet her. Men vi hadde med Lego og det slår an.

Han er også klar for å reise heim til Norge, og i dag så gikk han berserk i kofferten og fann nokre ropa del nieve =snøkle som han måtte prøve slik at han var klar. vi må derfor sende med bildet av han klar for det han kaller den norske vinteren. Han er berre heilt herlege, god sans for humor og eit eventyrleg humør, trass i kva han måtte må tilpasse seg. Heilt vidunderleg.

Elles så er her eit søtt bilde av ein hest som kvar kveld leikar plenklippar på midtrabatten utanfor. Midt i motorvegen.

tirsdag 24. februar 2009

Tirsdag 24.februar.






Hei alle sammen og takk for helsingar. Vi har det storarta, og Andrè har blitt frisk att. Vi ankom Temuco på søndag, og her er det heilt annleis enn i Santiago. Her er mykje frodigare og lufta er rein. Temuco er ein koselig by,lave bygningar og mange små butikker.
Men så. I går , på mandag fekk vi treffe Huguito, etter eit møte med tre psykologar, nokre advokater og atter fleire folk som eg heilt erleg ikkje forsto hverken kven dei var eller kva dei sa. Vi fikk også treffe fostermor, og det var jo eit følelseladet møte, men deretter fikk vi altså treffe Huguito. Han såg akkurat ut som på bildet, like søt og sjarmerande, og han var berre heilt perfekt.

Han ville vere med oss etter ti minutter, og da var det visst berre å dra. Vi var litt fortumla, og det er vi jo enda, for det er jo litt vanskelig å fatte at vi har fått ein sønn til.
Han er selfølgelig heilt turbo og vil vere med på alt, gjere alt, ta på alt og så videre. Men mest av alt er han heilt herlig. Han likar å spele fotball, leike med lego også likar han å bade. Men det hadde han antakeleg ikkje gjort før så der var han ganske rolig.

Elles så har vi det stålande ved hotellet, mykje hyggelege folk, bra mat og alt tingen.
Bildet fra flyplassen ( i Santiago) er ganske betegnande for korleis det føltest. ( Alt står på spansk og alle snakker spansk, og visst du ikkje kan snakke flytande så vil dei ikkje forstå )

lørdag 21. februar 2009

Laurdag 21. februar




Idag har vi verkeleg fått dreis på sakene. Vi har bestilt skyss til flyplassen i morgon, kjøpt telefonkort, handla litt og betalt hotellet. Alt her nede foregår på spansk, ikkje ei sjel snakkar engelsk så det kjem godt med at ein har arbeidd litt med spansken før vi reiste. No har også Tommy fått litt dreis på den.

I går begynnte Andrè å bli litt forkjøla, og det er ikkje blitt noko bedre i dag, så vi holder oss rolige på hotellet.

I går var vi på møte med Sename,og det gikk jo for så vidt greit. Vi hadde med Noemi sin datter som tolk, og ho snakker bedre norsk enn dei fleste av oss, men dei i sename var litt optatt av at vi skal kunne litt spansk, så ein del spørsmål vart retta direkte til oss. Vi klarte oss gjennom det, men hadde eg visst om dette på forhånd så ville eg nok ikkje ha sovet stort.

I Morgon reiser vi til Temuco, og det skal bli litt godt, for her i Santiago er det veldig bråkete, og her ligger ein dis av ( veit ikkje heilt, røyk, forurensing, støv.)

torsdag 19. februar 2009

Santiago

Vi har til Laila`s og Andrè`s store glede oppdaga at vi har nett-tilgang på hotellrommet.

No har vi etter ein fryktelig lang flytur på 14 og ein halv time fra Paris. fått sovet litt og komt oss litt til hektene.

Her i Santiago er det mykje rart å sjå, og eit forferdeleg leven. Det bråker sånn ute, av trafikk og klimaanlegg at vi nesten ikkje høyrer kvarandre prate.

Men hotellet og været er upåklageleg. ca 25 grader og sol heilt til klokka åtte omkvelden. Vi har ein suite, med kjøkkenkrok og alle fasiliteter.

Tidlegere i dag var Noemi Meyer innom og informerte oss om morgendagen. Vi skal da til Sename, som er det regionale barnevernet, og ha eit møte med dei. Så blir vi her før vi reiser videre til Temuco på Søndag. Mandag er den store dagen da vi får møte Huigito, og vi gleder oss heilt ubeskriveleg.

onsdag 18. februar 2009

Paris

Hei alle sammen.
Hyggeleg at dere er innom.

No er vi i Paris. pâ Carles de galle flyplassen; og vi som synest at gardermoen var stor ma tru om igjen. Her er iallefall éà ganger storre. vi har no brukt 3 timer pa a finne gaten var. Og da har vi ikkje tullet rundt.

No skal vi ta fly til Santiago, og vi lander der klokken 3 ca. sa vi far nok ikkje tid a oppdatere her for pa lordag.

Vi har det kjempefin haper dere alle andre har det og

søndag 15. februar 2009

Ski og snø







I dag har vi vore på vår siste skitur for ei stund. Nydelige forhold i bakken, med mykje laus-snø. Perfekt for telemark-kjøring.

No er det berre to dager igjen til avreise, og vi gleder oss vilt til å sette kursen sørover. Vi har no pakka ferdig det meste. Har berre igjen teknisk utstyr ( data, ladere, skulebøker, spill, mp3-er og slikt) og det vi ikkje kan pakke før vi har brukt det (toalettsaker)



Andrè baser litt i snøen, og synest det er litt leit at vi skal reise fra alt dette, men han er jo enig at det er jo ganske kult med sommer og bading også.




torsdag 12. februar 2009

Småplukk

Har funnet ut en genial måte å få ting unna på. TOMMY.


Eg kan planlegge så godt eg vil, og skrive ned på lister kva som skal gjerast. MEN når dagen er omme så har eg gløymt, eller ikkje fått tid, fordi det stadig dukker opp andre ting som okkuperer hjernen. Reiser til av gårde og skal vere Sååååååå effektiv, men total kollaps kvar gong.


Tommy er fin slik, han gjer det han får beskjed om ( huff så galt det høres ut) , men hadde det ikkje vore for det så hadde her ikkje blitt gjort stort.


Det ultimate samarbeid. Eg tenker på allt, og han utfører.



No har vi fått reisedokument,og fått bestilt fly fra Florø. Deilig å slippe å kjøre til Oslo. Og no ser vi at vi skal ha eit opphald i Paris på 5 timar. Andrè blir i hundre og vil sjå Eifeltårnet, og menn med fengselstipete gensere, luer, barter og lange pariserbaguetter.


Det er jo klart at vi burde ha fått det med oss, men veit ikkje om vi tør å forlate flyplassen. Fem timer går fort i Aasen-familien. Er vel sikkert ein del jukse-eifeltårn og baguetter på flyplassen.



NAV er en morsom ting. ( Not) Til og med sakshandsamer der er litt fortvilet, og lurer på om det ikkje er nokon i Norges land som har Adoptert før. ( tydeligvis ikkje) Men det går seg vel til på eit vis.


Åja, eg må få kjøpt med klesklyper.


All ære til Tommy som holder hodet kalt ( og gjer det han får beskjed om) sjølv om det stormer som verst.


Ha en god dag


tirsdag 10. februar 2009

1 veke

I dag er det ei veke til vi skal reise. men den veka kjem til å vere laaang, men sørgelig kort.

Lang uke når ein tenker på kor lenge det er til vi kan reise for å hente vår lille gut. Lengte og lure på korleis han har det og kva han tenker på.

Og så alt for kort når det er så mykje meir ein skulle ha gjort. Forberedt seg meir, lært bedre spansk, levere papirer, hente papirer, levere dyr til sine respektive dyrepassere, kanskje få vasket opp allt av klær (av ein merkelig grunn blir skittentøyskurven stadig fyllt opp på nytt), tømt kjøleskap, og fundere på om blomstrane toler 6-8 veker utan vatn.

Prøver å legge ein plan, men har eigentleg kontroll. I noverande sekund iallefall.

Kanskje eg skal holde den tanken. Jepp.

mandag 9. februar 2009

Chile



















































Litt om landet Chile.




Republikken Chile er eit langt ( 4630 km) og smalt land på vestkysten av sør-amerika. Det grenser mot Peru, Bolivia og Argentina.


Klimaet i Chile er temperert men varierer fra kaldt og fuktig i sør via middelhavsklima til ørken i nord. Atacamaørkenen er verdens tørreste område. Det finnes aktive vulkaner og mange varme kilder.


I Chile er det omlag 16 millioner innbyggere. Santiago er hovedstad ( 4,4 mil innb)og ligger midt i landet. Vi skal til Temuco, ein by med ca 247 000 innb. Temuco ligg sør for Santiago.


Vi skal antakelig vere i Chile i 6 veker, så vi har derfor tenk til å bli litt kjent med landet. Der er mange fine badebyer og muligheter for å leige hytter. Chile har ein fantastisk natur så eg trur vi får ein flott opplevelse.














søndag 8. februar 2009

Den store reisen

No har vi nettopp fått bilettene. Og det har verkeleg gått opp for oss at vi skal reise.

Det blir avreise fra Gardermoen 18/02. Og så etter en mellomlanding i Paris bærer det videre til Santiago.

Vi er alle like spente, og veit ikkje heilt kva vi skal finne på. Skal vi pakke, eller vaske, sy gardiner, eller jobbe. Forhåpentligvis så går tiden fort.

I dag, eller det var vel egentlig i går, sette eg og Andrè saman hylle på det nye soverommet. Derfor er nå rommet litt mer møblert. Det blir ein fin syssel den kommande veka. Montere resten av møblane, male senga, sy og montere gardiner, henge opp bilder og anna småplukk.

Men nå er det tid for å få seg litt søvn.