mandag 26. januar 2015

Liten pause?


Må vel sei at det her var ein lang bloggpause.  Mykje, uendeleg mykje, har skjedd sidan sist. Ikkje treng eg oppdatere, men veldig kort:  nytt gardstun.  So då skriv vi om kva som skjer på to gardstun.
Mange nye utfordringar når ein vil prøve å sjonglere litt mellom dei begge.  Nye friske krefter er vel installert på det gamle  Tunet. Heretter blir da Gamletunet og  Tunet.  

tirsdag 19. mars 2013

Merklig korleis tida går.
Jamt og trutt framover, uansett om ein heng med eller ikkje.
Og det er vel nettopp da som har skjedd her.
Men bloggen er her framleis.
Berre å byrja på ny frisk.

Da har ein godt av no.
Å byrja på ny frisk..........................................................

Vår i lufta, sjølv om da e kaldt.
Men om dagen so skin sola, og varmar opp frosne kroppar.
Frosne vegar, hagar, tre, busker og ein og anna istapp.
Drypp, drypp,drypp, drypp.
Snøen på taket e nesten vekke.

No skal vi sove til morgonen e her.
Og då skal eg byrja på ny frisk.

søndag 26. desember 2010

vinteroppdatering

Etter ein lang bloggpause er det på tide å oppdatere litt. Har jo Juleferie, og plenty med tid. ( !!!!!!) Var på ein lang og koseleg tur med Rakelhesten i dag. Fikk med oss blåtimen også.

Vi ligg jo i treningtil å stille i presisjonskjøring og kanskje maraton til våren. Så ingen grunn til å ligge på latsida.

Folk flest i Førde slit litt med kulden, men her oppe i fjellet har vi berre - 10. Så det går an å vere litt ute.

Eg og gutane går kvart år ut på juletre-jakt. Kan vere ei utfordring sidan her for det meste veks furu. Men bakom ein haug har mor i huset sett seg ut eit par enslige grantrer. ( ho finn som regel alltid det, kanskje det heng i hop med alle timane ho er ute og valsar i skogen og trenar hestane.)

Og så veks jo Føllebølle til. Han ser ut til å få same rolege lynne som mora. Er heilt fantastisk lærenem. Her under middag,som blir servert ute saman med sauene. Så lenge været tillet det.


Rakel går også godt saman med sauene.
Så altså, allt er som det gamle her på Tunet. Ting som er fantastisk treng ein ikkje forandre på, ikkje sant.
Ønsker alle kjende ei fortsatt god jul.

søndag 17. oktober 2010

Haust

Så var det endeleg litt tid til å setje seg ned for å blogge litt igjen. Her på Garden skjer det som vanleg ganske mykje.



Det siste er jo at vi har fått ein trav-hest, Mira, som skal vere her hos oss i eit år. Ho står i bakgrunnen, bak grinda.
Mira har eit herleg lynne, og ho er veldig sosial. FølleBølle elskar ho nesten som si eiga mor, og Mira tar seg av han og hjelper mora med litt oppdraging.




Elles så var vi på føllmønstring, og fikk ok poeng. Selfølgeleg meiner jo dei fleste at dei har det vakraste føllet, og for oss vil han jo alltid vere det.


Her er vi på kjørekonkuranse.

So har saueflokken auka litt, fra 12 til 20. Har fått til ein fin flokk som er greie å ha med å gjere. Og da er det kjekt å arbeide med dyra. Får sjå korleis det går. Kanskje blir det auke igjen til neste år også visst alt går bra.




Og so har det jo vore eit fantastisk vær her i haustferien, og vi har vore aktive både på tur og heime.

fredag 27. august 2010

Tida går

Så har eg bestemt meg for å blogge igjen. Har vore borte herfra i månader.

Men no er eg tilbake. Skal berre ta nokre bilder imorgo slik at det ikkje ser ut som vi bur på nordpolen.



Det er ikkje slik at når eg ikkje skriv på bloggen, så er her stillstand her på garden. Her er eit yrande liv, og full rulle.



Som vanleg er om somrane så dreier det sseg mykje om hest. Men sidan vi fekk lille Remi (hingstefølet) i vår så har det sjølvsagt ikkje vore noko knalltrening, berre kos og sosialisering.







Men vi måtte jo ha med oss opptoget i Folkemusikkfestivalen i sommer.



Så no sluttar eg av, kan jo ikkje ta han heilt ut med ein gong heller.

God natt alle saman

fredag 7. mai 2010

Skjønne lille


Flotte Rakel har endeleg fått eit skjønnt lite? hingsteføl.
Her 2 dagar gammal




3 dagar gammal, og full galopp over tunet.






Rakel og Remi





søndag 24. januar 2010

Litt vel mykje kanskje


Hallo


Har mange gode innlegg på lur, men ser at dei fleste biletene handlar om ski, ski og atter ski.


Og sjølv om man er født med ski på beina, og seinare så vart det berre verre og verre, så må eg faktisk sei at nei, denne helga skal vi IKKJE gå på ski. Og eg har ikkje fått dårleg samvit heller.


Har skjeldan opplevd slik ein vinter, at vi faktisk har fått litt NOK. Og det er ikkje ofte eg set meg ned for å skrive om mine draumar her på bloggen, men eg ler enno sjølv.


Saken er at for eit par tre år tilbake så var eg så sprek at eg fullførte Birkebeiner-Rennet, ikkje noko supertid, men godkjent. I år har eg fått nokre timar i langrennsløypa, og er begynnt å leike med tanken på å gjennomføre eit nytt, i mitt jubileumsår. ( ja da, tru det eller ei i år 2011 blir ho førr)


Så over til draumen i natt: Eg var med i Birken igjen i ROSA-Skidress, og så var det så glatt at dei hadde SANDA og SALTA, og med så mykje sand og salt i løypene, smelta selfølgeleg snøen og sanden sette ein stoppar for glien.


Derfor vart det bestemt av BIRKEN sjefane, at det skulle leverast ut støvlar, så kunne jo alle skiløparane springe. Men det som er så domt då, er jo at eg har litt ildt i knea.


Og med vonde kne så måtte eg berre bryte løpet.


Altså så er det antakeleg ein dårleg ide, dette med å delta ein gong til, det er iallefall ein ting som er sikkert, og det er at det ikkje blir i ROSA-skidress.



søndag 17. januar 2010

Vimpel-Produksjon.

Har vore litt stille på arbeidsfronten i det siste, så derfor tenkte eg at eg kunne lage bursdagsgave
til mitt Tantebarn.
Og eg hadde visst heilt gløymt kor moro det var å "leike" med symaskinen.

Vimpelrekkene vart kjempefine synest eg, og dei er kjempefine til å dekorere barnerom med.
Laga liksågodt nokre ekstra som blir lagt ut for salg i bloggbutikken.
Har begynnt å lage nokon i litt "jentete" fargar og.
Vi fikk ein invitasjon til å vere med på ski søndag, og nevner nokon ski så er vi ikkje seine.
Då hiv vi oss med, med ein gong.
Kakao blir kokt i rekordfart, kjeks og sjokolade, rumpeakebrett og ekstra kle, alt blir stappa i sekk, og så er det avgårekåre.
På den lokale skianlegget er det ein kjempefin akebakke der det verkeleg går unna.
Fint å avslutte skituren der.


Både Henrik og Andrè, og Therese som var med er nokre kløpparar på ski, og vi gikk alle rundt 4 km, heilt utan å klage.

Håpar alle andre der ute også har kosa seg i helga, ønsker dere ei God Veke.

fredag 15. januar 2010

Der har vi ho.

No har eg gått rundt og venta og venta, og i dag var ho der. Sola.
Sidan vi berre har budd her på tunet i 5 år, og det er ein generasjon sidan her budde folk før oss, så var det ingen som med sikkerheit kunne sei at då og då kjem sola.
Men no er det herved nedtegna i almanakken.
15.januar kl 11.10.

Og kanskje det er slik, at eg lagar litt for mykje oppstyr rundt da heile, men eg tykkjer at det er eit lite under. Og du kor deilig. Sto ute og fekk med meg kvart eit minutt ho var her. Og det var i heile 42.

Isen byrja tine. nesten så ein får vårkjendsle, men roleg no, det er fortsatt mesteparten av vinteren igjen.
Men du store kor deilig da e med sola i veggen.



Her på tunet skal vi nyte dei første solstrålane heile helga.
Ønsker alle ei Strålande helg.

onsdag 6. januar 2010

Nyttårs-forsett eller ikkje

Skreiv i mitt forrige innlegg at ein har nytt år og nye mogelegheiter, og sidan gradestokken held seg jamnt og trutt på KALD, så bestemte eg meg for å rydde i restegarn-posen.
Og då er jo sjangsen ganske stor for å bli ferdig, med små og enkle prosjekt
Vottar og hanskar her på garden luktar som regel hest, så derfor må husfrua ha noko pent når ho skal til By`n.
Så eg begynner godt, og er faktisk ferdig med ein type garn.
Det vart to deilige og lange pulsvarmere og eit lite søtt sjal.

Og så får vi berre sjå vidare kva meir det kan bli av andre garnrestar.
Kanskje nye legg-varmarar.

mandag 4. januar 2010

Nytt År

Nye muligheiter. Eigentleg så er det heilt fantastisk, ein kan starte heilt på ny frisk. Setje seg nye mål, planlegge, eller draume seg litt bort. Alle ting er liksom mulig. Og i år skal vi iallefall få gjort det vi ikkje fekk gjort i fjor.

Vi begynner med ein gang og avslutta juleferien på søndag, med skiaktiviteter for små og store. Henrik har snart funne den rette stilen i utforkjøringa, sjølv om det er litt tungt oppover.


Rakel-hesten fekk sesongens første sledetur, og det er heilt perfekt å kjøre sled. Marka er frosen under, og med ein halv meter lett puddersnø, går det så det suser. Ho vart så i fyr og flamme, at ho la om til galopp. Dei som kjenner Rakel veit dette, ho galoperer ikkje i utrengsmål. Men dette var visst kjempemoro.


Og uten mat og drikke, duger heltane ikkje. Så derfor laga vi til bål, pølsegrilling, litt julekaker, kakao og mykje anna. Midt i Rundkjøringa. Kjempekoseleg, og ingen frostskader heller. Heldigvis så har temperaturen steget, og er ca 4 -grader. Heilt supert.

Sauen Shawn, som vår tidige vær er døypt, tok med seg damene for å hilse på, hender jo at folkemenneskene har brød, veit du. Men berre pepperkaker i dag.



No når jula er over, så er det også snart på tide å få ut julestasen. Pusen har lenge hatt lyst til å tulle med juletreet, så det er vel på tide å få det unna før han gir etter for lysten.



Og her på Gardstunet er det også tradisjon at når jula er over, så er det pepperkakehus-knusing.
Så no er vi klare for nye utfordringar, prosjekter, gleder, opplevingar og bekjentskaper.
Ønsker alle som er innom eit Fantastisk Godt Nytt År.

mandag 28. desember 2009

Romjuls sysler

Og så kom vinteren. Deilig for alle sammen. Ut og prøve nye ski og kjelkar, og leike seg i snøen.
Lillegut fekk seg ski til jul, og var overlykkeleg, no skulle han ut og "hoppe", for det hadde han sett på TV. Men det gikk ikkje mange stega, før han litt slukøra måtte meddele at dette ikkje var heilt lett.
Men eg ser ikkje på det som noko problem å lære han å gå på ski, han er nemlig ikkje typen som gir opp. Han har no vore ute og gått på ski kvar dag.


Eldstemann har ikkje fått fram skia enda, men har vore ute kvar dag han òg.


Gradestokken har no krope ganske langt nedover, og er nede på-10. Men her er vindstille og eit fantastisk vær.
Var ute og tok nokre bilder av månen, det er nesten heilt lyst ute.

Eg og Rakel var på ein sein ridetur, men det var berre heilt fantastisk vakkert. Hadde ikkje behov for noko lys.

No har eg fått mange beskjeder her i gården at eg aldri viser bilder av meg sjølv, men det har jo sin enkle forklaring at det er som regel eg som tek bilda.
I dag vart eg knipsa i stallen, når hesten får mat og stell etter turen. Ho har også fått ullteppe på, sidan ho var litt svett.
Hestane skal stellast godt med når det er kaldt,(ellers også altså)No har vi nokre hardføre dyr, og dei har godt med vinterpels. Vi klipper aldri hestane våre. Derfor er dei heite og gode heilt ned til -20 grader, når dei er tørre.
Men sidan alle hestar har litt spesiell ømfintleg mage, toler dei ikkje kald mat og drikke.
Derfor berer vi vatn fire gonger dagleg, og det dei ikkje drikk opp slår vi ut, og så får dei det turraste, beste høyet.
Var nettopp ei tragedie ei nobobygd her, der fleire hestar strauk med på grunn av kolikk.
Derfor er dette VELDIG viktig.
Og så må det jo nevnast at ovnen hoppar og går, og sidan denne typen eigentleg skulle vore utskifta med ein meir moderne type, så varmer den godt. Den får gjere nytta si ialle fall i vinter òg. Men sidan den skal varme opp ca 200 kvadrat åleine, så skjønar dere størrelsen på vedkorga.
Ønsker dere alle ei fortsatt god veke.



torsdag 17. desember 2009

Snø

Så endeleg kom snøen, og med den skikkeleg julestemning.
Vi har vore på beina i heile dag, lillemann var oppe og ute før frukost, vi andre gjekk ut nett etter.
Vi har fått gang på rattkjelkane, og det er litt morsomt, for som dere alle sikkert veit så bur vi på fjellet, og her er det mange lange bakkar.
Etter ein innkjøpsrunde på butikken, var det tid for juletrehenting. Og vi fannt eit passe fint tre etter ei lita stund. Etter det har ungane basa ute i snøen, og mor sjølv fekk tid til ein ridetur.

Vi gjorde det enkelt i å også, pepperkakehus fra Rema. Så etter at mor sjølv neste røykla heile kjøkkenet med sukkersmelting, så fekk vi pynta hus til slutt.


Og no, cappuchino og brune pinner til mor.

Ønsker alle ein Riktig god Laurdagskveld.

tirsdag 15. desember 2009

Så har vi oppdatert litt, var ute og tok nokre bilder i dag av huset, og så kom sauene tuslande og la seg ned utanfor gjerdet.

No er det eigentlig ikkje slik at dei skal vere SÅ frittgåande, men det heile skyldast eit hull. I eit anna gjerde. Men så lenge grinda inn til hagen er igjen, så er det jo berre koselig at dei kjem og helsar på.

No skreiv eg i går at det snødde, men det var ikkje rare snøen som kom. Berre ein cm.



Alle her på gardstunet var i ettermiddag ute i skogen og grilla pølser, og etter at vi kom inn igjen sat vi og spelte pakk-esel. ganske morsomt og veldig enkelt spill, og passer alle aldrar.



Og i skrivande stund så ser eg at pusen verkeleg har funne seg til rette, eg har funne fram jule-løparen min, og julegardinene, og der fann han ut at det var fint å liggje.
Og så må eg berre gje alle eit godt tips (som eg sjølv fann i eit interiørblad ein gong)
Og det er knaggar til skulesekkane. Gutane har kvar sin i Spisestova, sidan det er der dei gjer lekser. Og kvar dag dei kjem heim heng dei sekkane rett opp der.
Supersmart og ryddig, om ikkje så veldig vakkert.

Må også få med eit bilde av den flotte Væren vår.
Han er av typen Gammalnorsk Spæl, og er ein stolt og artig type, litt lumsk visst du ikkje har med noko godt til han, men stort sett grei. (trur eg)


Dette vart eit litt rart innlegg, om hummar og kanari. Men det er også mykje rart som skjer her på Tunet om dagen.
Ønsker alle ei fortsatt god veke.

mandag 14. desember 2009

Så var det ho som skulle holde ein oppdatert Adventskalender. Tida har floge av stad, og vi har vore opptatt med oss sjølve, litt venner og familie, baking, maling og diverse.

Eg ser at det snart er på tide å oppdatere headeren vår, og sidan det no snør, så får vi sikkert fine bilder i morgon.


Slik vart vår Adventskalendar sjåande ut til slutt.
Vart ganske fornøgde med resultatet. Og no har vi ein kalender for mange år framover.


På Laurdagen var eg og gutane+pluss ein kompis ute for å finne einer til å pynte ute med. Og då må vi jo gjere det skikkeleg, med hest og vogn. Eldstemann handterer hesten fint no aleine. Litt uklare bilder, men både fotografen og hesten var i bevegelse.

Ønsker dere alle ei god veke.