tirsdag 21. april 2009

planer ??????????

Ja da. I dag skulle eg liksom bake. Men det vart jo ein nydeleg dag igjen, og so hadde eg ikkje egg. Men det kjem nok fleire dagar.
"Det ein ikkje rekk i dag, rekk ein sikkert i morgon"
Og så var det desse Pelargoniane då. Elskar dei. Men her i gården elskar ikkje dei meg. Men det er vel nokon der ute som kan fortelle ein nybegynnar i Pelargonia-faget, korleis eg kan gjere dei til lags.
Akevitt-smaks-prøve-settet til Mannen, kom til nytte. Eg kan ikkje utstå akevitt, men med blomster i var det noko heilt anna. Eg kan no nyte desse flaskene i fleire dagar.
Eg kunne godt tenke meg eit slikt drivhus. Men enn så lenge får eg nøye meg med søte små minidrivhus.Eg skulle også begynne å så idag, men drøymte meg heilt vekk. I dei små jordbærplantane. Tenk på alle dei gode jordbær-dessertar, paiar og kaker det kan bli om ein månads tid.
Sukk

Og so skulle eg fikse litt på gjerdet til kjøkkenhagen, men fann ikkje passe spikar. (det var eigentlig berre ein dårleg unnskjyldning) Ergo: Dagen forsvann, sånn heilt utan vidare.Men trøstar meg med at ein ikkje treng å vere så veldig effektiv heile tida.I morgon..............................................................

søndag 19. april 2009

Nok ein deilig dag i sola

Denne helga har verkeleg fått saker og ting i gang. Iallefall i hodet. Når det er slikt eit flott vær så kjem planlegginga inn for fullt. Mor i huset er nå i full gang med alle saker og ting som ein har lyst til å få orden på. Og vi har faktisk fått røska opp det som skal røskast opp.
Det er snakk om hagen altså.
Gjerdet, (som skal sikre ein lang og hyggjeleg sommer, utan at nokre ulldottar kjem og et opp alle spede tegn til håp), er faktisk ferdig.
Tommy og gutane har fiksa det.
Mor i huset har fått raka vekk gammal skit og slikt. Og kjøkkenhagen er klar for nye oppgaver. I år skal det bli salat, squash, sukker-erter, spinat, gulrot og løk.( det er det som vi av erfaring har lært, har lyst å vekse så langt til fjells)
Innom hus har ein heil skokk av pelargoniaer tatt opp vindaugsplass. No skal Påska ut og våren inn.
Minstemann og mor var på picnik, og det var stor stas. Nistepakke og greier.......Gamle-merra trivast også, men ho ville heller ha blåbærlyng.
Og så har minstemann heilt eigenhendig lært seg å sykle. Etter at mor og far var utslitt av å springe etter, og hjelpe med balansen, fann han ut at skulle dette bli noko greie på så måtte han fikse det sjølv. Men mange knall og fall, men med ein tolmodigheit og iver som det står respekt av. Han kan no sykle.


Katten Mons har ikkje den heilt store våryre kjensla enno. Han synest det er heilt greit å liggje på ein stol innomhus, der kan han nyte sola via solstålane gjennom vindauget.



mandag 13. april 2009

Topptur

Nydeleg påskevær. Siste dagen i påska, fekk vi oss endeleg ein tur på fjellet her. Andrè fekk for alvor testa om det gikk an å gå med telemarkski i oppoverbakke. Han var ikkje skuffa, og vi kom oss ganske langt opp, og fekk oss ein morsom tur ned igjen.
Det var selfølgeleg mest moro for Andrè, for Laila hadde ikkje full kontroll, og hadde utallige turar i busker og kratt, samt at det vart ein god del hull i bakken. Det var sikkert eit artig syn.
Vi hadde desverre ikkje med oss fotoapparat, men vi har "lånt" eit bilde fra ein annan fin plass i landet.
No blir det antakeleg ikkje så mange skiturane heretter, men vi legg ikkje bort skia før vi legg om til sommardekk.

søndag 12. april 2009

Påske-sysler






I dag har det vore eit supert vær. Vi har vore mykje ute, og kva anna kan ein gjere enn å bedrive Påskesysler. Vi har kjørt med hesten Rakel, sett på påskelam, studert pusunger på selja, rydda litt på tunet,(utruleg kor mykje rart som dukkar opp når snøen forsvinn) baka muffins, og dekorert egg. Sjølv om ein er tom for dekopagelim, går det utmerka å bruke blank hobbylim.

torsdag 9. april 2009

Påske



I dag har Laila og Andrè endeleg fått ski på beina igjen. Vi var så og seie aleine i bakken. Vi lurte litt på kvifor folk ikkje turde seg ut i dag. Kan vel kanskje ha noko med at det regna litt. Berre litt altså. Men klokka to så skein det opp, og vi hadde flotte forhold. (Litt sjush-snø, men kan jo ikkje være kresen heller)
Etter at vi ikkje har hatt skia på beina på over 7 veker, og tung snø, så kjenner vi det bra i beina. Men det går sikkert fort over.
Henrik har vore med Tommy, dei har helst på hestande, og så har dei vore på Åsane til Bestemor. Og ho har funnet fram mykje leikar og slikt. henrik har vore ute og leika og "jobba" i heile dag.


Sidan vi hadde litt datakluss dei siste dagane i Chile, vil vi sende nokre bilder av den siste dagen, vi var i Zoo i Santiago. Der var det mykje artig å sjå. ( og så må vi berre ha med solnedgangen på San Alfonso del Mar, og Henrik som jublar når han endeleg har fått pass) Så avsluttar vi hentereise reportasjane. ( men her er ikkje slutt for det)

tirsdag 7. april 2009

Vestlandsvær




Skulle ikkje tru det, men godt gammeldags Vestlandsvær er deilig. Sur vind, slaps, 7-8 grader, skitne og våte og lykkelege ongar. Kan ein ønske seg noko meir.

Vi kom heim i går kveld, etter ein 26 timer lang reise. Litt sure og trøtte var vi alle, men på flyplassen i Florø vart vi møtt av vår kjære familie, med flagg og kaker og gaver. ( flagga kom opp omsider, sidan vi var litt tidleg ute ???????)

Stolte og glade Besteforeldre, tante og søskenbarn, fekk helse på Henrik, og få heim igjen Andrè.

Flyreisa gjekk overraskande bra. Mykje filmar på flyet, og mykje knappar å trykke på. Og så fekk han fri tilgang til flytoaletten. Vi hadde kjøpt med nokre nye leikar i tilfelle han vart frykteleg lei, men vi har ikkje opna dei eingang.

Henrik vart ikkje skuffa over været, det var heilt som han har drømt om, her på Kinna ligg 10 cm med snø, og på høgda er her 30 cm. I dag var vi til by`n og kjøpte støvlar, utedress, regnklede og fikk ordna med ny PC til Andrè. ( eller Laila, som også er litt avhengig ) Maskinen som vi hadde med oss, fekk jo litt ildt, men vi får håpe den går å fikse.

Vi fekk også heim resten av bagasjen, med budbil idag. Den vart jo liggande igjen i Paris. Vi vart nesten liggande igjen sjølv også, for det var bokstaveleg talt i siste sekund. Flyet frå Chile var forsinka, og da hadde vi berre 20 min fra hangar E til F, og for dei som har vore der så veit dei at det ikkje er mulig å få til. Gaten var stengt og alle dører lukket og låst. Men med litt fortvila utrykk frå sure og leie nordmenn fekk dei på andre tankar og vi fikk vere med.

I ettermiddag har Henrik fått vore med og helst på alle dyra her, og han er nok eit bonde-emne. Han har også rennt med rattkjelke, sjølv om at det var litt vanskeleg å fortå. Han vart først sint over at den ikkje gjekk i oppoverbakke, men akkurat det er noko som ikkje forandrer seg uansett kor sint ein er. Oppoverbakke er oppoverbakke.
Elles har Henrik, funnet roen og storkoser seg.( men her er frykteleg mykje rart å sjå og trykkje og ta på)

Vi vil sende ein helsing til fam. Østby, Lykke til med Deres heimreise.

torsdag 2. april 2009

Heimreise

Da er det klart. Fikk idag beskjeden vi har venta på. Etter 6 veker i Chile, kan vi reise heim. Vi har hatt eit herleg opphald med mange opplevelser, og utfordringer.

Vi reiser i morgon til Santiago, og forlater familien Østby. Og så letter vi fra Santiago søndag ettermiddag. Når vi er i Førde igjen, veit vi ikkje heilt enno.(kjem litt an på videroe eller Dat)

Hei så lenge.

onsdag 1. april 2009

Nå nærmer det seg

Hei og Hå.

I dag har vi verkeleg gode nyheiter på gang. Vi fekk i dag møte på Folkereg. Og var ein tur til Santiago, har også vore på passkontor. Henrik har no pass om eit par dager, fredag eller mandag.

Så no sprettast sjampisen, for vi er snart på veg heim.

No skal vi bade og sole oss litt meir. (slik at alle heime ikkje kjenner oss igjen)

Kos og klem til alle heime.