torsdag 9. april 2009

Påske



I dag har Laila og Andrè endeleg fått ski på beina igjen. Vi var så og seie aleine i bakken. Vi lurte litt på kvifor folk ikkje turde seg ut i dag. Kan vel kanskje ha noko med at det regna litt. Berre litt altså. Men klokka to så skein det opp, og vi hadde flotte forhold. (Litt sjush-snø, men kan jo ikkje være kresen heller)
Etter at vi ikkje har hatt skia på beina på over 7 veker, og tung snø, så kjenner vi det bra i beina. Men det går sikkert fort over.
Henrik har vore med Tommy, dei har helst på hestande, og så har dei vore på Åsane til Bestemor. Og ho har funnet fram mykje leikar og slikt. henrik har vore ute og leika og "jobba" i heile dag.


Sidan vi hadde litt datakluss dei siste dagane i Chile, vil vi sende nokre bilder av den siste dagen, vi var i Zoo i Santiago. Der var det mykje artig å sjå. ( og så må vi berre ha med solnedgangen på San Alfonso del Mar, og Henrik som jublar når han endeleg har fått pass) Så avsluttar vi hentereise reportasjane. ( men her er ikkje slutt for det)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar