søndag 29. mars 2009

San Alfonso




Hei alle sammen.
Nå har vi endeleg komt på nett igjen. Vi hadde ein total krasj på PCèn. Men den største grunnen til at vi ikkje har oppdatert her er vel eigentlig: Vi har det Strålande, og har anna å gjere enn å tulle på nettet.
Vi har hatt litt tåke om morningane, men strålande sol fra 11.00 til 16.00 dei to siste dagane. Laila har klart og bli litt solbrendt, men ingen grunn til å grine av det. Kan ein ikkje vere ute i solen, er det bare å ta ein tur på Spa. Laila og Berit benyttar seg av det.
Av bildene kan ein sjå at bassenget er stort, men dette er berre ein fjerdedel av heile. For å vere erleg så har vi ikkje sett heile bassenget. (trur ikkje at fotoapparatet mitt får med heile heller)
Elles i prosessen så veit vi ikkje så mykje meir, anna at no Er papirene våre komt fram til Folkereg. i Santiago. Men dei siste dagane har vi gløymt heile heimreisa, for her er det topper`s. Andrè stortrivast, og er ikkje så gira på heimreise.
Skal sende ei helsing til alle Berit`s og Eriks`s venner også.

onsdag 25. mars 2009

Rancagua

I dag har vi tilbragt dagen i bilen. Vi reiste klokka 09.00 i dag tidleg og var framme til vår mellomlanding klokka sju. Og all skryt til dei herlege barna, for det har gått tilnærma smertefritt. Vi hadde ein matstopp i Los Angeles, der fylte vi opp med Mc.Donald`s. Elles har vi berre hatt, nokre tissepauser.

Det er mykje å sjå på ein slik tur, landskapet forandrer seg mykje. Og vi er no midt i vindistriktet. Her er flatere og mykje tørrere.

Vegstandarden er bra, 4 felts motorveg, men kva som finst på vegen er litt annleis enn det ein er vant med å sjå heime. Her er traktorer, syklister, folk, barn, nokre kyr, og så litt høner, både levende og ikkje.

Lilletrollet har i dag fått seg ein liten gitar og rocka verkeleg på hotellrommet. Han er veldig glad i musikk, han går og nynner på ein melodi heile tida, og lyser opp kvar gong han høyrer den på radio eller fjernsyn, har sett etter cd men har ikkje funnet noko enda.

Vi kjem til å reise til San Alfonso-hotellet i morgon, for gjett, papirene våre er ikkje framme hos folkeregisteret enno, dei er ikkje ein gong sendt, så derfor har vi ikkje kommt nermare heimreise enn vi var for to veker sidan.
Vi har hatt ein liten knekk på humøret idag, for da blir det vanskeleg å komme heim før Påske. Og i påska er det vanskelig å få flybilletter. Men vi gleder oss på fam. Østby`s vegne, som skal ha møte med folkereg. allereide i morgon.

tirsdag 24. mars 2009

Tirsdag




Hola
Idag var vi atter ein gang i parken i Pucon og kjøyrde bil, og det er like hysterisk morsomt idag. For oss vaksne iallefall. Men idag hadde mannen som springer etter lært, og ga Lilletrollet ein treigare bil. Det vart ikkje tatt heilt godt opp, for han var rasende hele vegen rundt. Spesielt da han vart forbikjøyt av ei lita jente i ein Barbi-bil med rosa paraply.
Erik og Tommy har brukt kvelden på å forhandle med bilutleigere. Dei hadde på forhånd oppgitt ein pris, og når bilen blei levert var den litt høyere. Men til slutt vart ein på ein måte einige, om vi kom så veldig langt med diskusjonen er vel ein annan sak.
Så no er vi pakket og nesten klar til avreise i morgon tidleg. Vi har ein vel 800 km lang biltur foran oss. Vi kjem sikkert til å mellomlande litt før Santiago, og reiser videre etter eit møte med folkereg. der. Forhåpentligvis får vi møtet torsdag eller fredag.
Elles så er her eit bilde frå sentrum, og eit gardsbruk langt opp på fjellet, som tilhører det vi kan kalle den litt fattigare delen, Her er vel og merke mange store flotte gardar rundt her. Og vi ser kvifor biffkjøttet er så godt. Oksane går ute på beite heile tida. Grisane likeså.
Så kanskje vi har noko å lære heime i Norge. Det er forskjell på kvalitet og kvantitet.

mandag 23. mars 2009

La Playa Blanco





Hola
Og da var atter ein nydeleg dag i solen over. I dag har vi og fam. Østby vert på Playa Blanco. Det er ein innsjø ca 30 min herfra med bil. Der er som navnet tilseier kvit strand. Der var heilt fantastisk. Ca 25 grader i vatnet, ein nydeleg utsikt til fjellene rundt, og nesten ikkje folk. Og det må vi berre ha sagt, vi kunne ikkje hatt det bedre; sol, sommer, deilige unger, billig og fantastisk mat, opplevelser for livet. (Hadde det ikkje vert for at vi vil heim da)
På Søndag var vi ein tur i parken i Pucon, der er ein stor leikeplass, og så ein kjempeattraksjon. Elektriske biler for unger. Huguito og Andrè fekk prøve seg, og det var ein utruleg artig opplevelse og sitte og sjå på ein fortvila utleiger, som prøvde å holde styring på Huguito. Han er herved omdøpt til "Terminator".

No er vi litt i villrede på korleis vi er i systemet,men vi trur at no er det på tide og flytte litt på seg. Derfor kommer vi til å forlate herlege Pucon, og vende nesen mot Santiago området. Vi må jo dit snart uansett. Vi har no saman med fam. Østby, funnet eit litt artig hotell. Det har verdens største svømmebasseng. Og det er heilt sant.( og sidan både Laila og Tommy er kjent for å overdrive litt, så må det seiast at det er med i Guinnes rekordbok)

Svømmebassenget er 1 km langt, og inneheld "LITT" vatn. Andrè gleder seg voldsomt, og er inn og ser på bilder på nettet heile tida.( når nettet er oppe da, vel og merke) Vi kan ikkje forlate Chile før vi har vore der, liksom. Men vi står litt i fare for å forlate finværet, men vi tar sjansen, for der er innandørsbassenger og.

Håper forresten at det gikk fint med han Far på birken, vi er litt egoistiske her nede og gløymer alt og alle der heime, vi lever i en liten boble, håper dere kan tilgi oss.

Hilser til alle sammen.

fredag 20. mars 2009

Fredag


Hola Amigos

No har vi hatt litt dårleg nettforbindelse dei sise dagane, så derfor har vi ikkje oppdatert her. Men det er ikkje så mykje å av nytt å skrive om.

Vi har i dag hatt ein herleg middag med fam. Berit og Erik, og ete ein fortreffelig biff. Her er mange nydelege restauranter, og biffane er utsøkte. Vi har sikkert lagt på oss litt alle mann. (så nær som Tommy som kan ete det han vil utan at det vises) Personalet på denne plassen var veldig glad i ungane, og når det lokale ølbudet kom på ein splitter ny sykkel, måtte den prøvast og studerast til minste detalj.

Vi har til vår store frustrasjon, fått beskjed om at papirene våre allikavel ikkje var sendt til folkeregisteret. §!"#¤%&/ Spør ikkje kvifor. Men det betyr jo, Ja da Laila får det ikkje som ho vil. Så våre planer om å reise til Santiago i dag, ja det gikk jo ad ondas. Så nå er vårt håp at vi kjem heim til 17.mai. (nei ikkje heilt så lenge) Men vi blir nok 2 veker til her.

Men vi får sjå det positive i det, her er eit fantastisk vær. Og vi har selskap av verdens mest trivelige familie.

Høyrer også at dyreflokken blir større der heime. Lamb ( og det er jo litt merkeleg, sidan værane gjekk på så godt inngjert område i fjor haust, NOT. Tommy er like forfæra kvart år!!!!!!!!!!!!!) Vi skal vere glad for at vi har så flinke sauer at dei klarer seg sjølv, ha ha ha.

tirsdag 17. mars 2009

Tirsdag

I dag har det vore ein fin dag. Heile familien Aasen var litt slitne etter gårsdagens hendelser, så derfor har vi holdt oss heime ved hytta. Vi spelar litt fotball, leikar litt i sanden og har sett litt på DVD. Etter middag var vi ein tur til bassenget, men både Andrè og Huguito gadd ikkje bade????????? ( det er heilt sant, dei hadde liksom fått nok)

Etter at vi no har vore her i snart 4 veker, og derfor har blitt litt vant med Chilensk kultur, kan vi no sjå det litt med andre auge. Men det vi synest er det verste, er toalettvanene. Det er sikkert på grunn av eit litt dårleg avløpssystem, men , det er ikkje vanleg å hive toalettpapir i doen etter at ein har tørka seg. Papiret hivast i ei bøtte ved sidan av do, og så tømmer renholderen det etter kvart. På offentlige toalette kjøper du ein liten bit dasspapir ved inngangen, det er ikkje mykje så vi bruker å kjøpe tre-fire doser, men for folkene her har dei ikkje allverden av penger, så dei brukar fantasien. Derfor kan dere tenke dere at det ikkje er noko vakkert syn.

Som dere ser fra bilder, ser her forholdsvis velstelt ut over alt, men det er ikkje eit faktum. Her vi er no er ein typisk turistplass, så derfor koster og plukkast det boss heile tida.Men beveger du deg litt utanom så ser ein verkelegheita. Chilenere hiver boss over alt, og det ser ikkje ut som det plager dei. På ein offentlig skule vi gikk forbi, var det tømt søppel på fotballbanen, så derfor spilte dei fotball med søppeldungane som mål. Det var ikkje matavfall altså, men rusk og rask, gamle panner, kartonger, plast og anna.

Dei har også eit heilt anna syn på dyr, så her har vi ein jobb å gjere, for katter og hunder er udyr som ein kaster pinner og steiner etter. Men når dyra går rundt i byen får dei ver i fred (kanskje det er derfor det er så mange der) Men merkeleg nok så passer dei seg godt for bilane som ikkje gidder å stoppe for dei.

Nok om det foreløpig. Denne veka må vi berre sitte å vente, for vår advokat er opptatt med ein delegasjon fra Norske myndigheter, som er her nede for å godkjenne fortsatt adopsjon frå Chile.
Men det ser ut som at Laila kan få det som ho vil allikavel.

mandag 16. mars 2009

Varme kilder



Hei alle sammen. I dag har vi besøkt ein av de varme kildene i området. Og det var ein fantastisk opplevelse.
Vi hadde bestemt oss for at visst det ble dårleg vær skulle vi avlegge eit besøk, og i dag har det vore skitkaldt, ca 14-15 grader. Vi måtte til og med fyre i peisen på hytta i går kveld. Derfor er det perfekt å bade i varme kilder. Der vi var var det to utandørsbasseng, og eitt innandørs. Vatnet holder fra 36-38 grader. Det må berre opplevast.
Vi var der med den andre familien, og barna kosa seg og ga full gass heile dagen. På heimveg hadde vi med oss eit totalt utslitt Lilletroll, så det enda med kollaps i senga klokka åtte.
Vi andre er også ganske slitne og tar antakeleg tidleg kveld. Det blir vel som å sitje i badstu litt for lenge tenker eg.
I morgon må vi til å sjekke hoteller i Santiago, for Laila har visst bestemt at Torsdag eller Fredag reiser vi dit (får berre håpe at papirene herfra er klar til å vere med oss)

søndag 15. mars 2009

Bursdagsfeiring



Hei alle sammen.
Andrè takker så mykje for alle helsingar i dag. Han synest at han har hatt ein BRA bursdag. Han fekk nokre gaver i dag tidleg, og så var han og Laila på ein bytur aleine. Vi kosa oss, og hadde litt tid for oss sjølve. Vi hadde også ein picnik i ein midtrabatt i byen.
Elles så har vi hatt besøk av den andre familien, og både Andrè, dei andre små og vi vaksne har kosa oss med bløtkake og muffins.
Til dei heime som ønskte bilder av Laila, her er eitt. Skal helse frå alle her.
(Og til Mamma, alt går mykje bedre no, vi ser stor framgang)

lørdag 14. mars 2009

Lørdag




I dag har vi vore på guida rundtur. Vi var opp mot vulkanen Villarica. Der oppe fekk vi ein utruleg utsikt over området, og vi såg også Andesfjella. Der vi stoppa (på 1000 moh) er det ei skianlegg, men no er det jo sommer her så desverre ingen snø. Toppen av vulkanen er 2800 moh. Vi kjørte også over ei bru som berre var 20 cm breiare enn bilen. Må inrømme at det var litt skummelt.
Andrè står i ein dunge med lavastein, denne lavasteinen er overalt, og heilt ned til stranda. Villarica-sjøen er ein innsjø, og den ligger på 400 moh. Vatnet held no ein temperatur på ca 22 grader.
Vi helsar alle heime.

torsdag 12. mars 2009

Torsdag ?????????

Hei

Idag er ikkje Laila heilt sikker på kva slags dag det er, men vi trur det er Torsdag. Vi har no vore i Chile i tre veker, idag først vart papira levert til Folkeregisteret her.( det vart jo selfølgelig ei veke forsenking på grunn av det navnetullet) Så vi veit ikkje heilt kor nær vi er den etterlengta heimreisa.

Men i går skjedde det noko trivelig. Vi møtte den andre norske familien som er her. Dei ligg ei veke etter oss, og har fått to nydelige barn. Det var vidunderlig å få snakke med nokon som står i same situasjon, og ikkje minst nokon som snakkar norsk. (Spesielt når det er så trivelege folk som dei) I dag har dei tilbringa dagen her hos oss, ved svømmebasenget. Barna leikar godt ilag, og Lilletrollet er faktisk sliten.

Andrè ser positivt på at no har vi faktisk invitert nokon til bursdag på søndag. Andrè er faktisk den av oss som ser ut til å lengte minst heim.

Elles så har vi enda fint vær, vi kjem til å bli kjempebrune. Sjølv om Laila enda tviholder på at alle skal bruke faktor 30. Vi kan antakeleg ha fått godt nok grunnlag til å gå ned til faktor 20 etter 6 uker her. HI hi.
Kos dokke heime, vi koser oss enda her nede.

tirsdag 10. mars 2009

Onsdag




Hei igjen alle saman.
Her er litt fleire bildet av stedet vi bur på. Nærbutikken vår, som er i en garasje. Vi må banke på hovedhuset og høyre om vi kan få kjøpe noko. Laila hadde i dag ein koselig samtale med gamlefrua sjøl. På butikken har dei cola, litt egg frå hønene som går utanfor, eit slag sylte, hermetikk og brød.
Vi må ta buss inn til Pucon sentrum, ca 10 min. Da går vi ned til vegen og håper at bussen stopper når vi vinker. I går opplevde vi at eg, altså Laila, kjøpte feil biletter, da vi skulle heim igjen. Buss-sjåføren peika at vi skulle vere med den andre bussen. Da er det fint å sei "no comprendo" og lire av ei setning på norsk. Han sukka oppgitt og sa noko sånt som Dumme turistar. Men når eg ba han om å stoppe der vi skulle av, var han veldig hjelpsom.
Vi bur nær Villarica-sjøen , og stranda er dekka av vulkanstein, og på bildet av Andrè nær hytta vår, kan dere sjå Villarica-vulkanen i bakgrunnen. Den er ikkje aktiv, men snøen smeltar på toppen og det kjem røyk ut derfra og. Så heilt trygge føler vi oss ikkje. Det er ikkje så langt herfra det for nokre veker sidan var eit utbrot i ein vulkan, og ein heil landsby er evakuert ennå. Vi vil prøve å få ein guida tur litt opp i fjella seinare i veka.
I kveld held både Tommy og Andrè på å tørne for det er ingenting på TV. Til vanleg er her eit par kanalar på engelsk med spansk tekst. Men idag er her berre ein tysk film med spansk tekst. Her er eit drøss av kanalar til vanleg,men dei er alle dubba, og det er ikkje noko gøy. Vi kan vel trygt sei at vi begynner å få eit snev av heimlengsel. Vi sjekkar stadig Firda heime, og i går da her var ulidelig varmt frista faktisk 2-3 grader heime veldig.
I dag hadde vi også ein hastetelefon til folkeregisteret heime. Her nede har folkeregisteret oppdaga at eg heitte Aasen på passet og at eg heitte Etterlid då eg gifta meg. Det vart litt vanskeleg å forklare at eg hadde løymt å gi beskjed til presten, og ikkje fekk det registrert på vigselattesten, men var på folkereg, eit par dagar seinare og ordna det sjølv. Vi måtte derfor ha ein attest frå f.reg heime i Førde på Navnebytet. Det var ikkje heilt enkelt for ho på kontoret der kunne ikkje sende det på faks for det braut visst med reglementet. Takk og lov at vi har hatt ein del med politiet og gjere i denne adopsjonssaken, for etter at Tommy ringte der, og supre fru Hovland ringte dei på f.reg og antakelig fortalte kor det skapet skulle stå, kom den attesten på mail på 10 min.

mandag 9. mars 2009

Ridetur





Pucon.
Ein liten by, med ca 2000 innb. lever og ånder for turisme, og med god grunn. Her er ein fantastisk natur. Mykje å oppleve og sjå på.( men ikkje så flott som heime) Byen er heilt annleis enn Temuco. Her er alt tilrettelagt for turisme, alle bygningar er i massivt tømmer og allt av gater og parker er godt vedlikehalt og pynta med blomster og hekker.

Annankvar Butikk driv med salg av aktiviteter, og i går bestemte vi oss for at vi skulle ta ein ridetur. I dag har det vore ein ubeskrivelig varme, sikkert langt over 30, og veldig trykkande. Men det var litt bedre ute på tur. Vi tok oss litt vatn over hodet da turen varte i nesten 4 timar, men heldigvis for oss er vi litt vant med hest. ( det var ikkje alle deltakarane på turen som var det) følgeleg hadde dei litt problem med å gå etterpå. Tommy er heller ikkje så vant med å sitte oppå hesten, så han må nok sitte mjukt nokre dagar. Utanom det kosa vi oss. Og lille Trollet var forbausande tålmodig på den lange turen. Det var ubeskrivelig støvete ein del av turen, og eg trur ikkje vi nokon gong har vore så skitne.( bortsett frå under vaksinering og merking av sauer før fjell-slepp)
I morgon kjem advokaten vår hit, og ho kunne fortelle at alt går etter planen. Så imorgon kan ho levere alle papirene til folkeregisteret, slik at dei kan registrere adopsjonen, og da kan Huguito få personnummer. Det må han ha før han kan få Chilensk pass, som han igjen må ha for å få eit norsk ett. Og så ber vi dere alle hjemme om å tenke positive tanker, at vi etter det får bilett heim, på dagen.

lørdag 7. mars 2009




Hei alle heime.
Idag har det vore ein lang og slitsom dag. Pakking av eks antall kolli. Avskjed med hotellpersonalet, som består seg av kyssing og klemming i det vide og brede. Og ein lang og varm taxitur. Vi kom fram her på hytta, og her kan vi endelig slappe litt av og vere for oss sjølve. Sjarmtrollet vårt har for det meste berre vore eit troll. Men han skjønte nok ikkje heilt kva som skulle skje i dag. No har han roa seg og forstått at vi må vere her ei stund før vi kan reise heim.
Idag er her bilder av ein ekte mapuche-indianar. Og så ødela vi blomsterbedet på hotellet, men guten må jo få leike med bilar. Salamanderen vi såg, og så av fotballfantomene. Vi har aldri i heile vårt liv spelt så mykje fotball, men vi er begynnt å bli i rimeleg bra form alle i hop.
Andrè fekk avslutta naturfagprosjektet sitt. Det gjekk ut på å lage eit forsøk. Og sidan vi hadde mykje maur utanfor, og Laila sa at dei vart tiltrekt av sukker, så måtte det testast ut. Med stort hell. No er det herved dokumentert. Maur tiltrekkast av sukker.

torsdag 5. mars 2009

Andrè og Huguito leikar saman
Huguito og Tommy er på "Putadoren"???? Andrè gjer lekser.

Pòr fin

yes. Etter ein to timers lang rettsak, der dommeren gikk gjennom ein endelaus bunke med papirer, utspørringer, og så sluttprosedyrer, var han faktisk klar til å avsi dom. Det endte med at vi herved er erklært som foreldrer til Huguito.
Dette var mykje tidlegere enn forventet,og vi er i himmelen. Da tyder alt på at vi kan vere heime om 14-20 dager. Nå har vi bestilt hytte i eit anna område og gleder oss til å reise herfra. Vi reise til Villarica på Lørdag.

Villarica er ein liten by, men i det området er der mange varme kilder og det er kjent for å vere ein god feriestad. Der er også meir å sjå og finne på. Bla er der leikeplass.

I dag var Laila og Andrè på ein liten bytur aleine, då fekk vi sjå ein liten salamander. Vi bur også ved sidan av ein militærleir, og der har vore ein del skyteøvingar om natta. Og vi bur også 50 meter frå hovedvegen, så det skal bli godt å komme herfra pga. alt bråket.

No kan vi endeleg vise nokre bilder av sjarmtrollet vårt. Sjarmtrollet er no i full gang med å teste ut kor mykje gale han kan finne på, og det er mykje. Men vi holder nesten hodet kaldt og da går det fort over. Det er ikkje noko slaraffenliv her i gården. Det er full fart frå morgon til kveld.

Og på grunn av eit elendig bredband ble det ingen bilder alikavel. h0???934i+058???49yh

tirsdag 3. mars 2009

Tirsdag. 3.mars






Hei alle saman. Her i Chile har vi det fortsatt fint.

I går hadde vi oss ein lenger tur på Cerra Ñielol. Vi hadde med oss mat og drikke, og var på ein slags safari. Vi fant endeleg ein leikeplass, for det er det veldig lite av her. Det var ganske bratt å gå oppover, og vi oppdaga at vår lille Huguito er litt av ein turgåar. Han hoppar og sprett lett oppover. Vi såg til og med ein drage oppe i eit tre. (hi hi)

Været har vore litt kaldare nokre dagar,men fortsatt fint. Men om kveldane er her bikkjekaldt. I dag har vi utvida vår daglege bytur med to-tre kvartaler. Og då kom vi inn i eit litt meir Europeiskprega bybilete. Med større og flottare butikkar, men også med ditto prisar. Vi likar oss bedre i den lokale delen av byen.

Andrè held stadig koken,og er kjempe flink storebror, men det hender at han også let seg vippe av pinnen når det røyner på som verst. Elles så fortsetter vi med leksearbeidet og holder på med eit eksperiment. Meir om det etterkvart. Følg med.

I morgon kjem sikkert barnevernet på besøk, og skal lage ein rapport som vi skal ha med til dommaren på torsdag. Ho er ein triveleg dame. Og så snakkar ho engelsk, og berre det hjelper mykje på.
I dag for klassen til Andrè på skule-tur, dei skal på Gaularfjellet. Han ønskjer dei god tur.
Laila, Tommy, Andrè og Huguito helsar til alle heime i Noreg.

søndag 1. mars 2009

Søndag 1.mars

Ja no er vinterferien heime over. Andrè var litt betutta i dag når vi måtte ha skule, for det var jo søndag og alt. Men vi låg litt etter med arbeidet så vi måtte ta ei økt i dag og. I dag var det matte-undervisning, og no går det i brøk. Andrè er litt oppgidd over at dette er så vansklig for Lærerne sine ( Tommy og laila) men han har tolmod og vi får det også til til slutt med god hjelp fra Andrè.

I dag har det vore kaldare, ein 15 grader og det var litt ok, for da kunne vi ta ein tur til Carra Ñielol. Det er fjellet utanfor byen, med utsikt over heile Temuco. Det er 750 moh. Vi tok ein Taxi på toppen,og i morgon visst det blir betre vær, vil vi ta turen tilbake. Der var mykje å sjå som vi ikkje fikk med oss i taxien. Bla. veks det mykje bambus villt her. Og skogen er urgammel med mange artige trær.

På ettermiddagen har det regna her så vi har holdt oss inne. Huguito har også hatt skule, og har hatt i oppgave å klistre klistremerker i boka si. Han likar å arbeide med hendene og han og Andrè har laga merkelege kjøyredoningar av Lego.
Det blei ikkje nokre bilder i dag, for Laila gikk tom for batteri.( ha ha ha)
Lykke til med fotball og anna heime, Andrè og Tommy helsar til alle.