tirsdag 7. april 2009

Vestlandsvær




Skulle ikkje tru det, men godt gammeldags Vestlandsvær er deilig. Sur vind, slaps, 7-8 grader, skitne og våte og lykkelege ongar. Kan ein ønske seg noko meir.

Vi kom heim i går kveld, etter ein 26 timer lang reise. Litt sure og trøtte var vi alle, men på flyplassen i Florø vart vi møtt av vår kjære familie, med flagg og kaker og gaver. ( flagga kom opp omsider, sidan vi var litt tidleg ute ???????)

Stolte og glade Besteforeldre, tante og søskenbarn, fekk helse på Henrik, og få heim igjen Andrè.

Flyreisa gjekk overraskande bra. Mykje filmar på flyet, og mykje knappar å trykke på. Og så fekk han fri tilgang til flytoaletten. Vi hadde kjøpt med nokre nye leikar i tilfelle han vart frykteleg lei, men vi har ikkje opna dei eingang.

Henrik vart ikkje skuffa over været, det var heilt som han har drømt om, her på Kinna ligg 10 cm med snø, og på høgda er her 30 cm. I dag var vi til by`n og kjøpte støvlar, utedress, regnklede og fikk ordna med ny PC til Andrè. ( eller Laila, som også er litt avhengig ) Maskinen som vi hadde med oss, fekk jo litt ildt, men vi får håpe den går å fikse.

Vi fekk også heim resten av bagasjen, med budbil idag. Den vart jo liggande igjen i Paris. Vi vart nesten liggande igjen sjølv også, for det var bokstaveleg talt i siste sekund. Flyet frå Chile var forsinka, og da hadde vi berre 20 min fra hangar E til F, og for dei som har vore der så veit dei at det ikkje er mulig å få til. Gaten var stengt og alle dører lukket og låst. Men med litt fortvila utrykk frå sure og leie nordmenn fekk dei på andre tankar og vi fikk vere med.

I ettermiddag har Henrik fått vore med og helst på alle dyra her, og han er nok eit bonde-emne. Han har også rennt med rattkjelke, sjølv om at det var litt vanskeleg å fortå. Han vart først sint over at den ikkje gjekk i oppoverbakke, men akkurat det er noko som ikkje forandrer seg uansett kor sint ein er. Oppoverbakke er oppoverbakke.
Elles har Henrik, funnet roen og storkoser seg.( men her er frykteleg mykje rart å sjå og trykkje og ta på)

Vi vil sende ein helsing til fam. Østby, Lykke til med Deres heimreise.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar