mandag 13. april 2009

Topptur

Nydeleg påskevær. Siste dagen i påska, fekk vi oss endeleg ein tur på fjellet her. Andrè fekk for alvor testa om det gikk an å gå med telemarkski i oppoverbakke. Han var ikkje skuffa, og vi kom oss ganske langt opp, og fekk oss ein morsom tur ned igjen.
Det var selfølgeleg mest moro for Andrè, for Laila hadde ikkje full kontroll, og hadde utallige turar i busker og kratt, samt at det vart ein god del hull i bakken. Det var sikkert eit artig syn.
Vi hadde desverre ikkje med oss fotoapparat, men vi har "lånt" eit bilde fra ein annan fin plass i landet.
No blir det antakeleg ikkje så mange skiturane heretter, men vi legg ikkje bort skia før vi legg om til sommardekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar