søndag 31. mai 2009

Barnedåp

I dag har vi feira barnedåp her på Gardstunet. Og for ein dag det har vore. Nydeleg vær, og mykje god mat. (kan skryte av maten, da eg stort sett ikkje har laga den sjølv)

Hovedpersonen sjølv. Henrik. Var kjempeflink i kyrkja, og kunne sleppe seg litt laus da vi kom heim. (noko han gjorde til gangs)





Storebror og lillebror i kyrkja.



Og så avslutta Husfrua ein flott dag. Med restemat, noko godt i glaset, og sjølvsagt blogging.
Da kosar vi oss.
Fortsatt god Pinse.

fredag 29. mai 2009

Ferdig Fasade

Jippiiiiiii!
Seint i går kveld, sånn ca 11.30, vart vi endeleg ferdige med fasaden av huset.
Ikkje den heilt store bildekvaliteten, men var litt trøtt, så det blei knipsa i vilden sky.
Vi fekk god hjelp av Krish (Kristinebu).
I dag har Husfrua også fått stell på siste delen inne.
No er det duka for Barnedåp på Søndagen.
God pinsehelg alle saman.

tirsdag 26. mai 2009

Litt ny vri

Tåka ligg over fjellet idag, kan nesten sjå ut som om at her er tilnerma flatt.
Måtte berre ut i dag tidleg og ta bilder av det.
Synest det er litt pent.

Hunden Moss fekk vere med, der han står og ser lengselsfullt på sauer og hest.
Han skulle helst ha jaga dei til påvels.



Peonen, som eg kjøpte for ei tid tilbake, nyter regneværet.


Når det er litt surt vær, så har ein bedre samvittighet for å vere inne. Eg fekk vaska høgt og lavt på kjøkkenet.


Male bukse.
Den elles så uklanderleg antrukkne Husfrua, har den siste veka gått rundt som ein lassaron.
I kveld når eg skal ut på shopping har eg behov for å "stessje" litt.



Men eg kjem ikkje i fra og sende med eit bilde av huset igjen. Kun eit vindu i 2. etg igjen. Og så. Finito med ei side.
No er det berre tre sider igjen, og denne sida var den minst høge. JADA. FINT DET.
( tru kva malere tar betalt for tida)

lørdag 23. mai 2009

Driftig type

Husbonden var oppe tidleg i dag. Avgårde kåre, for å hente materialer.
Snekkedert og styra, og då husfrua kom heim etter ein shoppingrunde, så stod rekkverk og levegg ferdig.
No kunne eg berre male.
Ja da..................
Eg maler og maler til krampa tek meg.
Å tjære eit hus er ingen latmannsjobb. Tungt som F........
Og så var det den høgda da.
Men no har eg liksom komt igang der oppe, så......
Har også utført årets første plen-klipp her på fjellet. Og det er alltid like moro.
Er vel av eit fåtall her i verden som faktisk likar å klippe plen.
Eg får gjort det nok, da vi har 2 mål av sorten, og ein plenklipper uten drift på hjula.
Da kan eg springe så fort som eg orkar.
God trim det!

fredag 22. mai 2009

Terassen

Husbonden og Lillegut i dyp konsentrasjon. Her i full gang med rekkverk og levegg rundt terassen.
Ingenting å sei på utstyret. Lillegut Elskar å vere med og arbeide, og etter eit lite arbeidsuhell i går, så fann vi det tryggast å utstyre han med vernebriller.
Han var einig i at det var lurt.
Det var ikkje noko alvorleg uhell, berre litt småstein i fjeset da han skulle knuse stein med hammer.

I dag miste også Lillegut den andre løse fortanna, med god hjelp av ein skikkelig velt på trøtraktor. Denne karen gir bånn gass heile tida, og han er vel den einaste eg kjenner som har hjelm på både når han syklar, og når han er på trøtraktor
I dag har eg fått mala ferdig inngangspartiet, Men.................Det vart ikkje heilt som eg hadde tenkt. Ser at det ikkje er heilt "riktig" at vindskeiene skal vere kvite. Har prøvd å retusjere for å veie for eller imot, men klarer ikkje heilt å sjå det for meg.
Det skal iallefall få stå slik til resten av fasaden er ferdig mala, så får ein sjå korleis intrykket vert då.

torsdag 21. mai 2009

Bestemor-ruter.

For nøyaktig 14.dager sia, leste eg i ein blogg om bestemor-ruter, og vedkommande hadde hevet seg på ein "along".
Ein skulle hekle ein rute kvar dag.
Der var oppskrift og greier, og eg vart skikkelig gira. Lette høgt og lavt etter garn.
Og fann tre fargar med ullgarn
Ull er jo fint for da blir det så varmt og godt.
I kveld fekk eg ferdig nr 14, og har vore ganske så flink synest eg, og dette skal eg klare. Har til og med festa trådar og hekla rutene saman etter kvart.
Eg har bløymt og finn ikkje igjen bloggen der dette stod, men dere får unnskjylde meg.
Men eg vil berre takke for eit supert tips.
Det tar jo ikkje tid i da heile tatt, og er ein syssel som ein kan holde på med mens ein allikavel sløvar foran TV`n.
No må eg ha tak i meir garn, og ser fram til at Verket veks for kvar dag.

onsdag 20. mai 2009

Fasade Prosjekt

Ja da. Vi veit. Det er lenge sidan vi starta på dette prosjektet, men dagane, mnd, åra går.
Med innvendig arbeid, bygging av stall, gjerding av gard, og anna lure prosjekt.
I fjor var det jo det store hageåret, da ordna vi den.
Men no har vi endelig fått litt pågangsmot til å fortsette, og gir oss ikkje før framsida er ferdig.(resten måtte komme, når tida strekker til)
Alle mann i jobb.
Sjølv så kunne eg ha tenkt meg at huset var i kvitt, men skal det vere slik det var så skal det vere.
(Er jo ganske enkelt også da, ein slepp iallefall å skifte farge nokon gang, og lure seg i hel på kva farge ein skal velge)

Etter to dagar.
Husfrua tjærer, husbonden snikkederer,
lillegut planerer, og storegut er som storegutar flest,
han set inne ved dataen.

Men best av alt.
ting går framover.
God Kr.Himmelfartsdag.

mandag 18. mai 2009

Rakel skal på tur

Rakel, fine hesten min, skal på tur.
I dag har ho fått av skoa sine, for dei kan ho ikkje ha på. Ho er i "rette tida". Ho reiser på Torsdag. Og ho skal ikkje på ferie.
Ho skal til PARADISE HOTELL. Altså, ho skal på besøk til Merinas Emil, hingsten som sto som "Spiss" på Eid, og han leverte ei strålande utvida bruksprøve. Det må jo berre bli bra. Der skal ho ver og kose seg nokre veker.
Då blir det forhåpentligvis føll til neste vår.


I dag har det verkeleg gått unna her på Tunet. Vi er så smått begynnt med å gjere klart til den store festen i slutten av mai.
Hadde ikkje tenkt å ta det så veldig nøye.
Berre vaske litt i krinker og kroker.
Men det er litt greitt å ha slike merkedager å jobbe mot.
Ein får ting gjort.
Og sidan her om sommaren er eit yrande hesteliv, så det som ikkje er ferdig til skuleslutt blir som regel ikkje gjort.
.
Men sidan eg no fikk arbeidslysta kasta over meg, så sette vi i gang.
Veit ikkje om det ligger under kategorien barnearbeid, men guten ville jobbe, og da må han jo få lov til det.
.
Derfor har vi vaska vindauge inne og ute på bad, gang og stove. Han lillegut synest dette var stor stas.
Og med SmurfeHits over høgtalarane så gjekk det så det susa.
Pus tar alt med stoisk ro.


Og etter ein koselig lunsj, så lurte han jo på dei malekostane vi kjøpte forrige veke, om dei ikkje skulle brukast.
Og mor sjølv tenkte: Kvifor ikkje.
Huset skriker etter tjære, og det var jo planlagt å begynne i desse tider.
.
Eg måtte vel og merke legge ut presenning på terassen.
Og senke litt på nøyaktighetskrava,
men DU VERDEN. Lillegut mala og nynna og storkosa seg.
Og gjorde faktisk ein kjempejobb.
.
I morgon skal eg legge til eit bilde over kor langt vi kom.

Dette er altså huset vårt. Eit stadig prosjekt, som ein håpar ein skal komme i mål med ein gong.
Huset er bygd i 1926, er i lafta tømmer, alle vegger innvendig.
Isolert og kledd utvendig, og vi valgte, ( sjølv om eg av og til angrar) å tjære huset slik det opprinneleg var. Vi har no hatt på to lag tjære, og i år håper vi at det blir metta. Slik at det holder seg ei tid.
Inne er vi stort sett ferdige med dei romma vi bruker, men det er snart på tide med litt gjesterom, tv stove ol.
.
Husbonden er også av den oppfatninga av at vi kan klare alt sjølv, dermed tar ting tid.
Er vel litt i den gata sjølv også.
.
Taket er valma, slik var ganske typisk for så store hus den tida.
Vi har her to fulle etager + fullt loft+ full kjeller.
Stadig oftere lurer eg på kva ein skal med det, men her har i folksomme perioder budd 25 stk.
Vi er no 4, og kan skryte av at vi har kvar sin etage.
Men, og det er eit ganske stort men, huset er alt for stort når det skal tjærast, vaskast, ropast til middag, leite etter noko, så har ein plass til alt mulig og blir litt samlarar. Det er også litt for stort når eigedoms-skatten skal regnast ut.
Ha ei fortsatt fin veke

søndag 17. mai 2009

Ein vel overstått dag.

Vi har hatt ein flott dag. Strålande sol, glade onga, familie og venner.
Henrik var litt overvelda over mengda med folk.
Men storkosa seg.
Han er jo som barn flest og elskar is, pølser og brus.
.............................................
Eldstemann var også i storslag i dag, etter ei sein grand prix natt, skulle han vere med på salutt. Derfor fekk han berre 4 timar blund i natt.

Her er heile drakta til tantejenta. Ho var kjempefin i den.
Eg har sydd vesten, søster`n beltet og montering av skjørt.

Bunaden min måtte fint henge heime, i mangel på ein litt nettare kropp å henge på. Enten må eg sy meg sjølv litt inn (trimme eller noko i den dur) eller så må eg sy bunaden ut.

Ønsker alle ei god veke.

lørdag 16. mai 2009

Forskjellig

ja idag blir det verkeleg forskjellig her frå Tunet.
.........................................
Trampolinehopping..........Det er jo både morsomt og sunt, men heilt umulig å få tatt bilder av hoppande ungar. Dei blir alltid borte vekk.


Ferdig vest. No er vesten avlevert til rette vedkommande, og jenta er klar til 17.maifeiring. Her på tunet går det i stryking og klargjering av finstasen. Det er vel syssel nummer ein i dei fleste norske heimar i dag.
Vi håpar på ein super dag med mykje is, pølser, kaker og anna snadder.
Måtte også værgudane stå oss bi.




Dette vart sikkert det mest rotete innlegget mitt EVER.
Men her sit eg på fjellet og tenkjer på ingenting.
Har fått unna det som skal unna, og er eigentlig litt SJOKKERT over det.
Så ha tolmod med meg.
........................................
Er ikkje vant med å vere i den situasjonen.
Kanskje eg har lært. ( sjølv om det er lite truleg)
At ting kan gjerast i god tid, slik at ein slepp å kave rundt i siste liten.
Eller så har eg slakka litt på krava. ( litt meir truleg)
Men du verden kor kjekt det er.
Å sitte slik å ikkje ha noko spesielt å tenkje på.


Ynskjer alle ei strålande og fin 17. mai.

onsdag 13. mai 2009

Jentedrakt

Vest til Jentedrakt.

I dag har eg som planlagt fått ferdig rapportene, dei er ferdige og posta. Og så har eg fått to skjemaer levert til rette instanser.

Det var utruleg kor godt det gjorde med ein fridag igår, Har hatt skikkeleg arbeidslyst, effektiviteten er på topp og eg fekk også tid til ein utelunsj med gutane mine. Vi var på oppdagelsestur, meir om kva vi fann kjem seinare i dag.

Eg har dei siste dagane holdt på med ein vest til mitt tantebarn sin drakt. Koseleg arbeid. Skal lage likeins som øverste bildet.

Eg lager først mønster, og klipper ut alle delene, deretter så syr ein på ytre foringer (svart fløyel) band og snorer på utsida av vesten.

Det er fløyelsband både rundt hals og ermer. Eg syr ein liten sikk-sakk for å feste fløyelen, og den sømen skjuler eg med pyntesnor

Fløyelen er litt "morsom" å arbeide med, han lever sitt eige liv, er elastisk i ei retning. Overtransportør er tingen. Brukar han nesten alltid når eg syr, og eg kunne ikkje vore utan den.

Dessutan må
å eg også sei at maskina mi er selfølgeleg ei Janome



Ein annan ting eg ikkje kunne vore utan er denne fine Kai saksa. Kostar flesk, men er heilt eit must. Ho klipper faktisk over 12 lag dongeri. ( det er heilt sant, for eg har prøvd).

Så imorgon skal eg sy foret og sy saman heile sulamitten. Ha ei fortreffelig natt

tirsdag 12. mai 2009

Som sagt så gjort.

Altså. Idag har papir vore papir, og rapportar vore rapportar.

Eg har fått gjort det eg likar best............ Tulle litt heime........... plante litt ute...... leike med lillegut............. klatre i trær............smake på blomster ........................ spasere i bekken..........hilse på nye verdensborgarar (lam)......................... snakke med hestane...................... ete deilige rundstykker ute............................... lage middag................................... sjå at husbonden har funnet fram materialer til å gjere ferdig fasaden på huset.....................kjøre eldstemann på trening................... hjelpe med lekser........................... vaske kler................... rydde i skap.................. plukke lavendel................... og så blogge om alt etterpå.
Deilig...........................................................................................


No er eg klar igjen. Og i morgon er det " få alle papirene ferdig-dag"

mandag 11. mai 2009

Travle tider

Begynner visst å bli litt langt mellom innlegga her ser eg. ........................

Og eg som trudde at å vere i mammaperm, ga unike muligheiter for å verte ajour. kose seg med guten, gå på besøk til andre hjemmeverende, leike, lære og stort sett berre nyte å ha litt tid til overs. Eg tok litt feil.

Her går det i skjema her, og skjema der, rapport her, og rapport der......Søknader og atter søknader. Legebesøk, venting på apoteker, og nye timebestillinger til neste runde med skjema og rapporter. Og sidan rapporten som skulle vore inne for ei veke sidan, ikkje er sendt enno, så er det berre tre veker til neste, så derfor må eg snart begynne påan igjen.

Her er ein del av papirene som eg held på med. Sat meg ned for å telje. 69. Fint. Men heldigvis !!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!var det berre 32 av dei som skal vere på spansk. Og det tar jo ikkje tid i da heile tatt...............................................................


No skal eg ta meg litt saman, og vere litt rampete, og rett og slett sluntre litt unna mine "plikter"

Eg skal kose meg med gutane mine. Og eg begynner allereie no. Akkurat no!

onsdag 6. mai 2009

Skit-vær

Jo da. Tru det eller ei det snør. Eit skikkeleg skitvær. Ikkje noko trampoline hopping, og sidan vi har mista data før, så kobla vi ut alt som har med telefon og antenner å gjere. kjedeleg.......

Og kva gjer vi da, jo vi bakar muffins. Og plutseleg er stemninga heilt annleis.

mandag 4. mai 2009

Kjoleprosjekt??????????


Det har vore veldig stille på syfronten her på gardstunet. ....................... Men no låg deler til mitt nye prosjekt i posten. Stykebilder og blonder.

Skal bli kjole/ tunika. Eller puter. Eller begge deler................................................................
Ikkje godt å seie, ha ein god natt alle saman.

søndag 3. mai 2009

Bulandet

Ok. Det har vore lenge sidan sist innlegg.........................Men det har vore mykje anna og tenke på. Men no er eg på gang igjen..... Etter å ha lada batteria på fantastiske Bulandet. Vi reiste ilag med mi kjære søster, hennar mann, yngste datter, mor og far, og sjølvsagt Tico. Vi låg i rorbua Matter`n bua. All skryt til vertskapet for både innreding og utstyring av bua. Vi hadde det topper`s.


Været var fint, men litt kaldt. Men det stoppa ikkje ivrige fiskarar, som stod tolmodige og heiv ut, sveiva inn, heiv ut og sveiva inn...................................utan eit einaste napp. Då er det godt med pølser og pizza.

Vi var også ein tur innom butikken, liten lokal, men med det meste ein skulle ha bruk for, til og med ein yndig, søt te-boks.



Husbonden sjøv fekk ikkje vere med, han skulle på utstilling med ynstehoppa. Utstillinga vart arrangert på Mo i eit forferdeleg regnvær, Utstillinga gjekk bra, Lea oppførte seg eksemplarisk, men poenga vart ikkje førsteklassisk. Ho fekk no sløyfe, men Lea kjem sikkert sterkare tilbake seinare.


Har ikkje bilder av ho enda, men dei kjem.................................(har eit bilde av begge to på utstilling i fjor) Rakel t.h Lea t.v