søndag 17. mai 2009

Ein vel overstått dag.

Vi har hatt ein flott dag. Strålande sol, glade onga, familie og venner.
Henrik var litt overvelda over mengda med folk.
Men storkosa seg.
Han er jo som barn flest og elskar is, pølser og brus.
.............................................
Eldstemann var også i storslag i dag, etter ei sein grand prix natt, skulle han vere med på salutt. Derfor fekk han berre 4 timar blund i natt.

Her er heile drakta til tantejenta. Ho var kjempefin i den.
Eg har sydd vesten, søster`n beltet og montering av skjørt.

Bunaden min måtte fint henge heime, i mangel på ein litt nettare kropp å henge på. Enten må eg sy meg sjølv litt inn (trimme eller noko i den dur) eller så må eg sy bunaden ut.

Ønsker alle ei god veke.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar