søndag 3. mai 2009

Bulandet

Ok. Det har vore lenge sidan sist innlegg.........................Men det har vore mykje anna og tenke på. Men no er eg på gang igjen..... Etter å ha lada batteria på fantastiske Bulandet. Vi reiste ilag med mi kjære søster, hennar mann, yngste datter, mor og far, og sjølvsagt Tico. Vi låg i rorbua Matter`n bua. All skryt til vertskapet for både innreding og utstyring av bua. Vi hadde det topper`s.


Været var fint, men litt kaldt. Men det stoppa ikkje ivrige fiskarar, som stod tolmodige og heiv ut, sveiva inn, heiv ut og sveiva inn...................................utan eit einaste napp. Då er det godt med pølser og pizza.

Vi var også ein tur innom butikken, liten lokal, men med det meste ein skulle ha bruk for, til og med ein yndig, søt te-boks.



Husbonden sjøv fekk ikkje vere med, han skulle på utstilling med ynstehoppa. Utstillinga vart arrangert på Mo i eit forferdeleg regnvær, Utstillinga gjekk bra, Lea oppførte seg eksemplarisk, men poenga vart ikkje førsteklassisk. Ho fekk no sløyfe, men Lea kjem sikkert sterkare tilbake seinare.


Har ikkje bilder av ho enda, men dei kjem.................................(har eit bilde av begge to på utstilling i fjor) Rakel t.h Lea t.v

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar