lørdag 31. oktober 2009

Ikkje akkurat


Ikkje alltid at ting blir akkurat slik ein hadde sett det for seg inni hodet.


Den gamle vaskestampen som Husbonden så møysommeleg har sett saman igjen, og gjort så fin, vart berre akkurat litt for stor og voldsom i stua. (bogger)





Og konsollbordet som eg hadde sett for meg så vakkert på same veggen, vart berre lite og pjuskete. No hadde eg tenkt å male det litt da, men måtte berre sjå litt korleis det vart først.

Men no skal dei få lov å stå der ei stund, til Husfrua har fått summa seg, og kanskje med litt meir passande tilbehør, så blir det ikkje så gale.



Har heller ikkje fått gjort så veldig mykje produktivt den siste veka,

pga. pleiing av influensasjuke unger. (og meg sjølv)



Men heldigvis kjem det fleire dagar.

mandag 26. oktober 2009

Finvær

I dag måtte eg berre ut og nyte Finværet.
Ikkje det at det har vore så ille i det siste, men her har vore mykje vind, og da så sur at ein frys av seg nasetippen.
Og kva er da bedre enn å nyte hestane som inntar sitt første måltid for dagen, pus som stryk seg oppetter alt mogeleg og liksom ikkje får nok av dei varme strålane.
Og så får ein ei oversikt på kva som må gjerast i hagen. Rosebuskene treng dyne på, spann og panner på trappa treng litt farge i seg. Elles er det berre å nyte at alt har gjort sitt for sommaren og treng å kvile til neste sesong.





søndag 25. oktober 2009

Og så endeleg er golvet lyst og lekkert. Berre eg kunne tatt veggane òg, men der sette husbonden ned foten gitt.
Kanskje like greitt, for har ein først mala så er det ingen vei tilbake.
Og så var det jo dette med å bevare sjela. (til huset iallefall)
Og so har alle mine gode prinsipp om måtehald og gjenbruk krasjlanda.
Litt iallefall.
Etter mange år med å finne brukt, male og pusse opp, sy nye trekk og trekke om, har eg gått til det drastiske steget og kjøpt ny sofa.
Men eg trøstar meg med at bordet, eit uvanleg utdatert furubord, ikkje måtte lide same skjebne.
Å bli erstatta.
Derfor fekk det litt ny maling, og litt lasur, og kan leike litt shabby her hos oss ei stund til.



Og so over til noko heilt i min gjenbruks-ånd.
Eit gammalt spisebord, som har stått i huset og vore med på mangt eit måltid for fleire generasjonar.
Eg og mor har no delt på det, og no skal da få lov til å verte to vakre konsollbord .
Må også informere om at lille vedkorg går mot ein ublid skjebne.
Husbonden er i full sving med å restaurere ein stor gammal stamp, som vi fann i kjellaren, og den skal få æra av å oppbevare veden her.








lørdag 24. oktober 2009

Gurimalla

Så var vi tilbake, etter ein laaaang bloggpause.

Ikkje fordi det ikkje har hendt noko i det siste, men fordi det har vore mange andre jern i ilden. Sommeren gjekk i rekordfart, med mykje hest og anna gøy her på tunet.
Og etter ein litt sur og utruveleg haust, går vi no inn i ein super tid. Nemlig førjulstid.

Merkelig eigentlig kor tida går når ein har det gøy, har sett meg ned utallige ganger, for å oppdatere bloggen, men må springe til noko anna eller så er det so mykje som skjer at eg ikkje veit kva eg skal skrive om.

Derfor dette litt rotete innlegget berre for å annonsere at eg er tilbake igjen.

Ei kort oppsummering.

Etter mykje trening og stell av merra i sommer, gjorde vi det veldig bra på utstilling og bruksprøve og kan no skilte med ei 3.premiehoppe som er ein særs god kjøyre og brukshest.
Og etter det så får ein berre lyst til å fortsette og skal no for første gang stille i ei konkuranse. Det blir moro.
Eg held på å vri hovet mitt dag og natt for korleis eg skal få til å rygge i 90 graders vinkel med firehjulsvogn inn i ein garasje som ikkje er breiare enn vogna. Artig.

Og sidan vi held på med å restaurere huset vårt enno. (antakelig kjem vi til å holde på med det i fleire å framover) Vi tar det i bolker. Vår, sommar tilhøyrer uteaktivitetar. Vinteren er forbehold litt inneaktivitetar. No har vi storstova som prosjekt. Og det som sto på tapeten her var golv. Trudde selfølgelig det var berre å pusse og male, men når eg først set i gang med noko, så kan ein like gjerne gjere det skikkeleg.
Golvet i stova er nesten 80 år gammalt furugolv, og vi har vore plaga med litt trekk her, som vi ikkje har greid å tetta frå undersida. Derfor måtte alle sprekker tettast med akryl. Og gjett om det funka. I dag er der ingen trekk igjen. Så etter eks antal tuber med akrylmasse og såre og ømme kne, pussing, grunning, pussing igjen, og maling, vart golvet nesten som nytt. Og stova har fått eit helt anna lys. Det vart rett og slett vakkert.
Bilder kjem seinare.

Vi har også vore gjennom ein begivenhetsrik skulestart for vår herlige minstemann. Noko som krever sin forelder.

Og så har eg gått tilbake til litt jobb, og sidan er har eit så pass kreativt yrke som eg har, så held eg på å boble over, nei det vart visst heilt feil,
eg HAR bobla over, av idear og prosjekt som eg vi settje i gang med. Eg har sidan eg starta blogginga også hatt ein blogg som heiter Systova, men sidan det siste året har dreia seg mykje om barn og adopsjon så har denne berre ligget på vent. No er det på tide å pusse litt støv av denne og kanskje få ut litt av mine prosjekter der. ( men ikkje i dag)
Og sidan det no har passert 24. oktober og berre er to mnd igjen til jul, så er vi inne i min sesong.

No skal eg gå og leggje meg, men lovar å komme tilbake med bilder og meir etter kvart.

God Søndag