søndag 29. november 2009

1.søndag i advent, og heilt enkel advents-stake. Kjem vel meir pynt etterkvart.
Har vore nokre litt travle veker.
Sidan min jobb er å sy, og interiørsaum, så seier det seg sjølv at før høgtider så er det eit sabla kjør, men det gode med det er at to veker før jul så er det stille. (berre å halde ut)
Derfor blir dei fleste juleforberedelsene her i huset gjort etter den 12.desember.
Men det viktigaste av alt, eg har hatt tid til å kose meg med ungane. Vi har vore på turar, vi har vore på tilstelningar på skulen, juleverkstad, baka og grilla under åpen himmel. Så kva gjer det om ein ikkje har ein ferdigpynta heim til advent.
INGENTING.


Og så eit lite hjertesukk. Bakdelen med å drive på og pusse opp eit gammalt hus, medan du bur der, er at ikkje allt blir ferdig med ein gong. Det blir ståande igjen småplukk som irriterer forferdelig. Og før du blir ferdig så er du også lei av det du allereie har gjort, og det er tid for forandring i opprinnelege planer.
Skal ikkje skjylde alt på dårleg tid heller, for vi er litt flinke til å la ting ligge, visst vi har lyst til å gjere noko anna.
Ein til tider irriterende eigenskap, men gud kor deilig når det skjer.
Men no er beslutningen tatt. Kjøkkenet skal gjerast heilt og holdent ferdig til jul. Lister skal malast, og taket som eg i utgangspunktet ville ha beisa, skal no bli lyst.



Brannmuren skal fugast og listast, og husbonden er allereie igang, og eg er begynnt med å vaske tak. Har ikkje den beste helsa til takmaling akkurat, men eg får prøve.



Ja, og så må eg berre sei, eg og mor hadde ein liten husmorferie til Bergen forrige helg, og fekk offisielt opna julehandelen her på garden. Då fekk eg med meg denne yndige muggen fra Ikea.
(og mange andre ting frå forskjellige butikkar i By`n, kan ikkje gå inn på allt, då eg kan bli stilt til rette for det seinare, hi hi)

Vår lille sjarmør som skal feire sin første norske jul er litt overvelda.
Han er litt fasinert i denne nissen som alle snakkar om , og vart heilt fortapt i ei nissedrakt på REMA 1000.
Den har han gått med heile helga.
Han set ganske mange spørsmålstegn ved tradisjonane våre, juletre,pakkar,pynt, handel, lys og nissar.
Og det får ein sjølv til å tenke litt meir over saker og ting.
Blir litt overvelda sjølv også.
Ønsker alle ei riktig GOD Adventstid.

søndag 15. november 2009

Søndagtur

I dag morgon såg det ut til at det vart ein innedag, men ting forandra seg etter kvart.
Og det vart nokså bra utover.


Husbonden og minstemann skulle ut for å finne ein sau med lamb, som ikkje var komne heim enno. Dei fann han ganske raskt, og då har alle ulldottane komt heim i år.

So var da på tide og hente nye-væren. Han er ein staseleg kar, og skal gå her ei stund for å sjarmere sauene på garden. Han verka litt forvirra av at han skulle gå ute, men snart har han vel andre ting å tenke på. Fekk ikkje bilder av han, men det skal eg leggje ut seinare.
+
Eg og eldstemann fann ut at det var ein strålande dag for å gå rundt bekkjavatnet. Det er ein mykje brukt tursti litt utanfor byen. Nokre eldsjeler har tilrettelagt med sti, bruer, fleire gapahuker, og grillplasser rundt vatnet.
Vi fekk verkeleg med oss Blåtimen i dag.

Med kakao og boller kosa vi oss stort.


Litt trolsk stemning når kveldsdisen legg seg over vatnet.



Eg har lenge gått og ønska meg ein engel, og fredag dukka han opp. Ein gave fra ein kollega. Tusen takk.

Og så er husfrua i gang med julesøm, og det resulterte i tre store hjerter i lin, skal også lage mindre, og dei skal alle få litt dekor.

Ønsker alle Ei strålande veke.

lørdag 14. november 2009

Velukka Hestedag

Vi vakna til eit forykande vær i dag. Det låg snø over høgda, og det bles stiv kuling.
Men vi koka oss kakao, smurde oss nistemat, kledde på oss det eine laget klær
føre og hitt itte.

Og er det noko vi Vestlendingar kan så er det å kle seg.
Det er ingenting anna som hjelp: Ull underst,fleece utanpå, og termodress ytterst.
Og så bega vi oss i veg. Mykje folk var møtt opp til ein uhøytideleg og fin konkuransedag. Det såg ut som om at alle kosa seg. Mange flinke Rekruttar som gjorde ein super jobb.
Kjekt å sjå så mange unge ryttarar.
I Stallgangen er det heitt og godt, og her inntar vi nistemat og varm kakao.
Under slike tilstelningar blir det litt venting, så då er det lust å ete litt.

Eldstemann gjorde ein fin ridekonkuranse og enda vel på ein god fjerdeplass. Han var superfornøgd, sidan han berre har ridd tre ganger før i år.

Minstemann gjekk utan poengtaking, men rei ei nesten feilfri bane så han kunne gjort det verkeleg godt, men han fekk hederlig omtale og var sjølv i storslag.

Mor sjøl pådrog seg mange feilpoeng i Kjøyreklassa, men fekk ein 3. premie i ridinga.
Vi er litt stolte og feira heime etter at hovedpersonen Rakel (hesten) hadde fått godt stell og mykje gode gulrøtter
Håper at slike konkuranser kan bli arrangert oftare. Der alle kan vere med, med den hest og utstyr ein har.

torsdag 12. november 2009

Endeleg på gang igjen

Så etter ein ufrivillig bloggpause er eg tilbake igjen, eg har ikkje fått logga inn på bloggen min på langt over ei veke. Og så har eg vore sjuk att på til. Snakk om å holde på å gå fra konseptene.


No er det ei veke sidan stova var erklært ferdig, og møblane har dukka opp, konsollbord og speglar er blitt mala og pussa.


Konsollbordet vart mykje finare kvit, dårleg bilde, men kanskje kjem det bedre etter kvart


Den lenge etterlengta sofaen er på plass så vi har fått flytta inn igjen i godstova. Ventar no berre på toseter. Etter to timar med gardsklientell, hoppande, sprettande og liggande i flunka ny lys sofa, måtte husfrua til med tiltak, og det er tepper og pledd.

Eldsteguten itereserte seg i sommar for origami, kjøpte seg bok og papir, og har sidan laga mange flotte figurar, han har no laga så mange fuglar at han kan dei atanat. Så då han sat i bilen og venta på mor ein dag, så fann han nokre kvitteringslappar, og begynnte og brette. Det resulterte i mange supersmå fine fuglar som passa utmerka i uroen vår.

Han er også ein ung lovande gjenbrukar, og har no sett gleden av å forandre på ting, her skal ein plastgull-jalla spegel få ein ny utsjånad. Fortsettelse følger.

Etter at både mor og soner har vore sjuke så må det til god gammaldags sikringskost. Fleskepannekaker.
Har oppdaga.( bedre seint enn aldri) at når eg steikjer i to panner så går det verkeleg unna.
+
No skal eg gå å leggje meg, for eg treng litt god søvn før helga.
På Lørdag er det konkuranse i brukshestkjøring på Mo.
Brukshestkjøring er kjøring med firehjulsvogn som er ledda. denne skal svingast, snuast, ryggast og mykje anna i ulideleg trange rom.
Eg har aldi vore med på dette før, så det blir spennande.
Det set både Hest og kusk på ei verkeleg prøve.
Ein bør ha ein hest som både kan krysse frambein og bakbein, både eit par om gongen og samtidig, og så visst du er heldig så får du dette til bakover også.
Eg veit at Rakel-hesten kan, det som er saken er at må eg greier å gi ho riktige beskjedar.
Men først og frems så skal vi på Mo for å treffe andre hestar og hestefolk og ha det triveleg.
Ønsker alle saman ei god natt.