lørdag 14. november 2009

Velukka Hestedag

Vi vakna til eit forykande vær i dag. Det låg snø over høgda, og det bles stiv kuling.
Men vi koka oss kakao, smurde oss nistemat, kledde på oss det eine laget klær
føre og hitt itte.

Og er det noko vi Vestlendingar kan så er det å kle seg.
Det er ingenting anna som hjelp: Ull underst,fleece utanpå, og termodress ytterst.
Og så bega vi oss i veg. Mykje folk var møtt opp til ein uhøytideleg og fin konkuransedag. Det såg ut som om at alle kosa seg. Mange flinke Rekruttar som gjorde ein super jobb.
Kjekt å sjå så mange unge ryttarar.
I Stallgangen er det heitt og godt, og her inntar vi nistemat og varm kakao.
Under slike tilstelningar blir det litt venting, så då er det lust å ete litt.

Eldstemann gjorde ein fin ridekonkuranse og enda vel på ein god fjerdeplass. Han var superfornøgd, sidan han berre har ridd tre ganger før i år.

Minstemann gjekk utan poengtaking, men rei ei nesten feilfri bane så han kunne gjort det verkeleg godt, men han fekk hederlig omtale og var sjølv i storslag.

Mor sjøl pådrog seg mange feilpoeng i Kjøyreklassa, men fekk ein 3. premie i ridinga.
Vi er litt stolte og feira heime etter at hovedpersonen Rakel (hesten) hadde fått godt stell og mykje gode gulrøtter
Håper at slike konkuranser kan bli arrangert oftare. Der alle kan vere med, med den hest og utstyr ein har.

1 kommentar:

  1. Wow gratulere med premien, det var sikkert göy kan jeg tenke meg.
    mange år siden jeg red på en hest.var på rideleir bla i OPPDAL da eg var yngre. husker så godt salsmaken i baken.hehe
    klem bella

    SvarSlett