lørdag 7. mars 2009




Hei alle heime.
Idag har det vore ein lang og slitsom dag. Pakking av eks antall kolli. Avskjed med hotellpersonalet, som består seg av kyssing og klemming i det vide og brede. Og ein lang og varm taxitur. Vi kom fram her på hytta, og her kan vi endelig slappe litt av og vere for oss sjølve. Sjarmtrollet vårt har for det meste berre vore eit troll. Men han skjønte nok ikkje heilt kva som skulle skje i dag. No har han roa seg og forstått at vi må vere her ei stund før vi kan reise heim.
Idag er her bilder av ein ekte mapuche-indianar. Og så ødela vi blomsterbedet på hotellet, men guten må jo få leike med bilar. Salamanderen vi såg, og så av fotballfantomene. Vi har aldri i heile vårt liv spelt så mykje fotball, men vi er begynnt å bli i rimeleg bra form alle i hop.
Andrè fekk avslutta naturfagprosjektet sitt. Det gjekk ut på å lage eit forsøk. Og sidan vi hadde mykje maur utanfor, og Laila sa at dei vart tiltrekt av sukker, så måtte det testast ut. Med stort hell. No er det herved dokumentert. Maur tiltrekkast av sukker.

1 kommentar:

  1. Nååå, koslig:)Mykje nytt for huguito framover ja:)Men det takler dere fint:)Hehe!!
    Hehe, så fotball er sporten ja...jaja, men det kunne vore verre enn det:)
    Kjekt dere har kommet for dere sjølve da...det trenger dere nok no:)
    Hehe, maur er ekkelt:)Men intressant!!:)
    Klem fra alle oss i heimen min:)
    Nydelige bilete!!

    SvarSlett