mandag 23. mars 2009

La Playa Blanco





Hola
Og da var atter ein nydeleg dag i solen over. I dag har vi og fam. Østby vert på Playa Blanco. Det er ein innsjø ca 30 min herfra med bil. Der er som navnet tilseier kvit strand. Der var heilt fantastisk. Ca 25 grader i vatnet, ein nydeleg utsikt til fjellene rundt, og nesten ikkje folk. Og det må vi berre ha sagt, vi kunne ikkje hatt det bedre; sol, sommer, deilige unger, billig og fantastisk mat, opplevelser for livet. (Hadde det ikkje vert for at vi vil heim da)
På Søndag var vi ein tur i parken i Pucon, der er ein stor leikeplass, og så ein kjempeattraksjon. Elektriske biler for unger. Huguito og Andrè fekk prøve seg, og det var ein utruleg artig opplevelse og sitte og sjå på ein fortvila utleiger, som prøvde å holde styring på Huguito. Han er herved omdøpt til "Terminator".

No er vi litt i villrede på korleis vi er i systemet,men vi trur at no er det på tide og flytte litt på seg. Derfor kommer vi til å forlate herlege Pucon, og vende nesen mot Santiago området. Vi må jo dit snart uansett. Vi har no saman med fam. Østby, funnet eit litt artig hotell. Det har verdens største svømmebasseng. Og det er heilt sant.( og sidan både Laila og Tommy er kjent for å overdrive litt, så må det seiast at det er med i Guinnes rekordbok)

Svømmebassenget er 1 km langt, og inneheld "LITT" vatn. Andrè gleder seg voldsomt, og er inn og ser på bilder på nettet heile tida.( når nettet er oppe da, vel og merke) Vi kan ikkje forlate Chile før vi har vore der, liksom. Men vi står litt i fare for å forlate finværet, men vi tar sjansen, for der er innandørsbassenger og.

Håper forresten at det gikk fint med han Far på birken, vi er litt egoistiske her nede og gløymer alt og alle der heime, vi lever i en liten boble, håper dere kan tilgi oss.

Hilser til alle sammen.

1 kommentar:

  1. Hei alle saman.
    Kjekt å høyre frå dokke!! Ser dokke har fantastiske dagar, fortsatt. Kjempefine sommarbilder og herlige ungar!! Sommar, ja, men vi nermar oss her og!! Til helga stiller vi klokka, så da blir det lenger lyst (no ca. 19-19.30)
    Her med oss kom det eit tynt lag med snø i natt. Det er stort sett smelta vekk no. Veret er fint. Torsdag skal Therese og fleire klassar på ski, Langeland, så vi får håpe veret held. Kristian og dei var på ski forrige torsdag. Då var det strålande flott!
    Ellers går alt sin vante gang her med jobb, skule og full fart på ettermiddagene. I dag er det visst kino på tapetet(ORPS).
    Kattane trur eg har det bra, et i allefall bra.
    Kos dokke fortsatt, så snakkes vi
    Klem frå oss på Kletten 5A

    SvarSlett