tirsdag 10. mars 2009

Onsdag




Hei igjen alle saman.
Her er litt fleire bildet av stedet vi bur på. Nærbutikken vår, som er i en garasje. Vi må banke på hovedhuset og høyre om vi kan få kjøpe noko. Laila hadde i dag ein koselig samtale med gamlefrua sjøl. På butikken har dei cola, litt egg frå hønene som går utanfor, eit slag sylte, hermetikk og brød.
Vi må ta buss inn til Pucon sentrum, ca 10 min. Da går vi ned til vegen og håper at bussen stopper når vi vinker. I går opplevde vi at eg, altså Laila, kjøpte feil biletter, da vi skulle heim igjen. Buss-sjåføren peika at vi skulle vere med den andre bussen. Da er det fint å sei "no comprendo" og lire av ei setning på norsk. Han sukka oppgitt og sa noko sånt som Dumme turistar. Men når eg ba han om å stoppe der vi skulle av, var han veldig hjelpsom.
Vi bur nær Villarica-sjøen , og stranda er dekka av vulkanstein, og på bildet av Andrè nær hytta vår, kan dere sjå Villarica-vulkanen i bakgrunnen. Den er ikkje aktiv, men snøen smeltar på toppen og det kjem røyk ut derfra og. Så heilt trygge føler vi oss ikkje. Det er ikkje så langt herfra det for nokre veker sidan var eit utbrot i ein vulkan, og ein heil landsby er evakuert ennå. Vi vil prøve å få ein guida tur litt opp i fjella seinare i veka.
I kveld held både Tommy og Andrè på å tørne for det er ingenting på TV. Til vanleg er her eit par kanalar på engelsk med spansk tekst. Men idag er her berre ein tysk film med spansk tekst. Her er eit drøss av kanalar til vanleg,men dei er alle dubba, og det er ikkje noko gøy. Vi kan vel trygt sei at vi begynner å få eit snev av heimlengsel. Vi sjekkar stadig Firda heime, og i går da her var ulidelig varmt frista faktisk 2-3 grader heime veldig.
I dag hadde vi også ein hastetelefon til folkeregisteret heime. Her nede har folkeregisteret oppdaga at eg heitte Aasen på passet og at eg heitte Etterlid då eg gifta meg. Det vart litt vanskeleg å forklare at eg hadde løymt å gi beskjed til presten, og ikkje fekk det registrert på vigselattesten, men var på folkereg, eit par dagar seinare og ordna det sjølv. Vi måtte derfor ha ein attest frå f.reg heime i Førde på Navnebytet. Det var ikkje heilt enkelt for ho på kontoret der kunne ikkje sende det på faks for det braut visst med reglementet. Takk og lov at vi har hatt ein del med politiet og gjere i denne adopsjonssaken, for etter at Tommy ringte der, og supre fru Hovland ringte dei på f.reg og antakelig fortalte kor det skapet skulle stå, kom den attesten på mail på 10 min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar