tirsdag 3. mars 2009

Tirsdag. 3.mars






Hei alle saman. Her i Chile har vi det fortsatt fint.

I går hadde vi oss ein lenger tur på Cerra Ñielol. Vi hadde med oss mat og drikke, og var på ein slags safari. Vi fant endeleg ein leikeplass, for det er det veldig lite av her. Det var ganske bratt å gå oppover, og vi oppdaga at vår lille Huguito er litt av ein turgåar. Han hoppar og sprett lett oppover. Vi såg til og med ein drage oppe i eit tre. (hi hi)

Været har vore litt kaldare nokre dagar,men fortsatt fint. Men om kveldane er her bikkjekaldt. I dag har vi utvida vår daglege bytur med to-tre kvartaler. Og då kom vi inn i eit litt meir Europeiskprega bybilete. Med større og flottare butikkar, men også med ditto prisar. Vi likar oss bedre i den lokale delen av byen.

Andrè held stadig koken,og er kjempe flink storebror, men det hender at han også let seg vippe av pinnen når det røyner på som verst. Elles så fortsetter vi med leksearbeidet og holder på med eit eksperiment. Meir om det etterkvart. Følg med.

I morgon kjem sikkert barnevernet på besøk, og skal lage ein rapport som vi skal ha med til dommaren på torsdag. Ho er ein triveleg dame. Og så snakkar ho engelsk, og berre det hjelper mykje på.
I dag for klassen til Andrè på skule-tur, dei skal på Gaularfjellet. Han ønskjer dei god tur.
Laila, Tommy, Andrè og Huguito helsar til alle heime i Noreg.

1 kommentar:

  1. Hei alle saman.
    Mange kjempefine bilder!! Ser ut som dokke kosa dokke skikkeleg i skogen. Vegetasjonen er vel heilt annesleis enn her, men ei kunne ikkje tru dokke var så langt vekke. Minnar litt om turbilder heromkring!!
    Kjekt at dokke har fått enda ein turgåar/ friluftsmann i familien.
    Ser ut til at alle karane har det bra, avslappa og fint. Håpar fotografen har det likeså:-D
    Vil berre ynskje dokke lykke til hos dommaren i morgon. Så snakkes vi:-D
    Ha det bra.
    Klem frå oss på Kletten

    SvarSlett