lørdag 21. februar 2009

Laurdag 21. februar




Idag har vi verkeleg fått dreis på sakene. Vi har bestilt skyss til flyplassen i morgon, kjøpt telefonkort, handla litt og betalt hotellet. Alt her nede foregår på spansk, ikkje ei sjel snakkar engelsk så det kjem godt med at ein har arbeidd litt med spansken før vi reiste. No har også Tommy fått litt dreis på den.

I går begynnte Andrè å bli litt forkjøla, og det er ikkje blitt noko bedre i dag, så vi holder oss rolige på hotellet.

I går var vi på møte med Sename,og det gikk jo for så vidt greit. Vi hadde med Noemi sin datter som tolk, og ho snakker bedre norsk enn dei fleste av oss, men dei i sename var litt optatt av at vi skal kunne litt spansk, så ein del spørsmål vart retta direkte til oss. Vi klarte oss gjennom det, men hadde eg visst om dette på forhånd så ville eg nok ikkje ha sovet stort.

I Morgon reiser vi til Temuco, og det skal bli litt godt, for her i Santiago er det veldig bråkete, og her ligger ein dis av ( veit ikkje heilt, røyk, forurensing, støv.)

5 kommentarer:

  1. Geir her
    Hei alle tre. Håper at dokke har det bra. Dete blir nokre spennande dagar for dokke framover no. Ser no ut fra bilda at Andre har funne seg til rette. Han ventar nok sikker spent for å få møte lillebroren sin.
    Helsing frå Geir

    SvarSlett
  2. Ja. Andrè finn seg tilrette der det er strøm stort sett. No i kveld har han ganske høg feber så, så da er det fint å ha nett-tilgang.

    Vi har hørt frå Huguito i dag, via Noemi. Han venter veldig på oss og er veldig spent. Og så er han veldig stolt av å få ein så stor storebror. Han Kaller broren sin for Andresito, og snakker visst om han heile tida. Fostermoren har visst eit svare strev med han, da han visst( forståeleg nok )er heilt turbo. Berre litt over ein dag igjen no.

    SvarSlett
  3. Hei det er Therese! Går det bra med Andre håpar han er blit bedre. Eg gledar meg til og sjå Huguito.Lykke til i måra når dåkke skal møte han. Helsing Therese!

    SvarSlett
  4. Hei på dåke!
    Korleis går det med dåke? Andrè blitt frisk att? Har tenkt så masse på dåke sidan dåke reiste og var veldig spent på korleis reisa gjekk. Fekk ei lita oppdatering av Arnhild på fredagen (trur eg) om at de va komt til Satiago!
    Veldig kjekt og spennande å kunne følge med dåke på bloggen...
    Håpar alt er vel med alle fire ;) Dåke ha sikkert møtt Huguito i skrivande stund... Dette er heilt fantastisk! Lykke til vidare på den store reisa.
    Stor klem frå Christian og Kristine

    SvarSlett