søndag 19. april 2009

Nok ein deilig dag i sola

Denne helga har verkeleg fått saker og ting i gang. Iallefall i hodet. Når det er slikt eit flott vær så kjem planlegginga inn for fullt. Mor i huset er nå i full gang med alle saker og ting som ein har lyst til å få orden på. Og vi har faktisk fått røska opp det som skal røskast opp.
Det er snakk om hagen altså.
Gjerdet, (som skal sikre ein lang og hyggjeleg sommer, utan at nokre ulldottar kjem og et opp alle spede tegn til håp), er faktisk ferdig.
Tommy og gutane har fiksa det.
Mor i huset har fått raka vekk gammal skit og slikt. Og kjøkkenhagen er klar for nye oppgaver. I år skal det bli salat, squash, sukker-erter, spinat, gulrot og løk.( det er det som vi av erfaring har lært, har lyst å vekse så langt til fjells)
Innom hus har ein heil skokk av pelargoniaer tatt opp vindaugsplass. No skal Påska ut og våren inn.
Minstemann og mor var på picnik, og det var stor stas. Nistepakke og greier.......Gamle-merra trivast også, men ho ville heller ha blåbærlyng.
Og så har minstemann heilt eigenhendig lært seg å sykle. Etter at mor og far var utslitt av å springe etter, og hjelpe med balansen, fann han ut at skulle dette bli noko greie på så måtte han fikse det sjølv. Men mange knall og fall, men med ein tolmodigheit og iver som det står respekt av. Han kan no sykle.


Katten Mons har ikkje den heilt store våryre kjensla enno. Han synest det er heilt greit å liggje på ein stol innomhus, der kan han nyte sola via solstålane gjennom vindauget.



3 kommentarer:

  1. Godt å komme i gang med vårsysler. Og så piknik, da *sukk*
    Snart er det vel vår her hos meg også - begynner å lengte veeeldig ;-)
    Det var hyggelig at du stakk innom bloggen min.
    Ha ei fin, fin uke!

    SvarSlett
  2. Hei og velkommen heim!
    So fine bloggen ha blitt... nesten frista til å begynne å blogge eg og!
    Masse herlege bilder, skjønne ungar og dyr! Eg og tok bilde av "kryssande" fly, men det var heime på stølen... trur det var lørdag! Morsomt.
    Må snart ta meg ein tur opp å helse på, eller du kan gi ein lyd når du e i by'n...
    Hels alle:)
    klem

    SvarSlett
  3. Har kikka litt på bloggen din, så koseleg du skriv :)
    Takk for kommentar hos meg :)

    SvarSlett