fredag 22. mai 2009

Terassen

Husbonden og Lillegut i dyp konsentrasjon. Her i full gang med rekkverk og levegg rundt terassen.
Ingenting å sei på utstyret. Lillegut Elskar å vere med og arbeide, og etter eit lite arbeidsuhell i går, så fann vi det tryggast å utstyre han med vernebriller.
Han var einig i at det var lurt.
Det var ikkje noko alvorleg uhell, berre litt småstein i fjeset da han skulle knuse stein med hammer.

I dag miste også Lillegut den andre løse fortanna, med god hjelp av ein skikkelig velt på trøtraktor. Denne karen gir bånn gass heile tida, og han er vel den einaste eg kjenner som har hjelm på både når han syklar, og når han er på trøtraktor
I dag har eg fått mala ferdig inngangspartiet, Men.................Det vart ikkje heilt som eg hadde tenkt. Ser at det ikkje er heilt "riktig" at vindskeiene skal vere kvite. Har prøvd å retusjere for å veie for eller imot, men klarer ikkje heilt å sjå det for meg.
Det skal iallefall få stå slik til resten av fasaden er ferdig mala, så får ein sjå korleis intrykket vert då.

2 kommentarer:

  1. Hei:)
    Eg synes det såg veldig fint ut sånn som det såg ut no! Eg hadde lett flytta inn... hehe!
    Eg har nesten ikkje batteri igjen på pc'en C har tatt med seg sin ladar og min ligg i Bergen! Får strøm når eg kjem t flekke! So eg skriv meir då...
    Ha ein fin dag so lenge
    klemmis:)

    SvarSlett
  2. Hei! No såg eg at det var to bilder, med to fargar! Synes det var fint med kvitt eg. Svart blei litt masse svart kanskje?
    No har eg fått ladaren min att og kan vere so masse eg berre orkar på dataen. Alt eg gjer for å ikkje lese... Eksamen på tirsdag, blæææ eg e so lei! Ja eg ha lyst på Mo på sånn blomster greie! Va på blomstertorget her ein dag i veka og dei hadde mykje meir og finare uteblomstra enn på plantasjen, billegare var det og. Kanskje vi må ta ein tur ut der og??
    Dei har masse anna fint og, sink baljar og bøtter osv...

    SvarSlett