onsdag 13. mai 2009

Jentedrakt

Vest til Jentedrakt.

I dag har eg som planlagt fått ferdig rapportene, dei er ferdige og posta. Og så har eg fått to skjemaer levert til rette instanser.

Det var utruleg kor godt det gjorde med ein fridag igår, Har hatt skikkeleg arbeidslyst, effektiviteten er på topp og eg fekk også tid til ein utelunsj med gutane mine. Vi var på oppdagelsestur, meir om kva vi fann kjem seinare i dag.

Eg har dei siste dagane holdt på med ein vest til mitt tantebarn sin drakt. Koseleg arbeid. Skal lage likeins som øverste bildet.

Eg lager først mønster, og klipper ut alle delene, deretter så syr ein på ytre foringer (svart fløyel) band og snorer på utsida av vesten.

Det er fløyelsband både rundt hals og ermer. Eg syr ein liten sikk-sakk for å feste fløyelen, og den sømen skjuler eg med pyntesnor

Fløyelen er litt "morsom" å arbeide med, han lever sitt eige liv, er elastisk i ei retning. Overtransportør er tingen. Brukar han nesten alltid når eg syr, og eg kunne ikkje vore utan den.

Dessutan må
å eg også sei at maskina mi er selfølgeleg ei Janome



Ein annan ting eg ikkje kunne vore utan er denne fine Kai saksa. Kostar flesk, men er heilt eit must. Ho klipper faktisk over 12 lag dongeri. ( det er heilt sant, for eg har prøvd).

Så imorgon skal eg sy foret og sy saman heile sulamitten. Ha ei fortreffelig natt

2 kommentarer:

  1. Hallo.
    Dette ser jo berre heilt "kjempebra" ut.
    Vi er heldig som har ei "syerske i familien", og som tar på seg slike oppdrag på kort tid!!
    Eg er ferdig med beltet, som er laga med samme band som på vesten. Det vart visst ganske bra, etter utsagn frå Therese!!
    Lukke til vidare med arbeidet, så snakkes vi
    Klem syste Kristine

    SvarSlett
  2. Spennande! Eg kunne faktisk tenkt meg å gått på bunadskurs og lært å sy bunad og lært å veve band. Eg har jo alt utstyret til bestemor så da e berre å sette i gang! Ellers har eg store planar om å sy kjolar av stoffet eg kjøpte når vi var på stoff og stil... Det ligg fremdeles i posen... æhh..

    Skal dåke vere på sentrum eller oppe med skulen på 17.mai? Eg har ikkje bestemt meg for kor eg skal vere endå... Eg har hunden!!

    Eg må tilbake til bøkene!
    vi snakkast
    ha ein fine dag

    SvarSlett