torsdag 21. mai 2009

Bestemor-ruter.

For nøyaktig 14.dager sia, leste eg i ein blogg om bestemor-ruter, og vedkommande hadde hevet seg på ein "along".
Ein skulle hekle ein rute kvar dag.
Der var oppskrift og greier, og eg vart skikkelig gira. Lette høgt og lavt etter garn.
Og fann tre fargar med ullgarn
Ull er jo fint for da blir det så varmt og godt.
I kveld fekk eg ferdig nr 14, og har vore ganske så flink synest eg, og dette skal eg klare. Har til og med festa trådar og hekla rutene saman etter kvart.
Eg har bløymt og finn ikkje igjen bloggen der dette stod, men dere får unnskjylde meg.
Men eg vil berre takke for eit supert tips.
Det tar jo ikkje tid i da heile tatt, og er ein syssel som ein kan holde på med mens ein allikavel sløvar foran TV`n.
No må eg ha tak i meir garn, og ser fram til at Verket veks for kvar dag.

2 kommentarer:

  1. Hei!!
    Kjempe fine bestemor ruter... Eg har eit slikt prosjekt liggande (BOMBE at eg har prosjekt liggande)i svart og kvit i baby ull. Eg begynnte å strikke på det når ei venninne av meg gjekk gravid (4 år sidan), men det kom så mange andre prosjekt i veien så eg blei aldri ferdig! Tenkte berre å lage vognteppe, så det er jo ikkje så mykje om å gjere på å få det ferdig! (Gikk akkurat å talde, 10 ruter har eg som til og med er sett saman)Fann og eit anna teppe som eg begynte på for endå lenger sidan, med 14 ruter, det er i lilla, rød og grønn (for ein kombinasjon). Dei skal eg jammen gjere ferdige! Kva str i nål bruker du? Eg såg mitt var ganske knøte, tippa 3 eller 4, men kan vere eg heklar litt stramt!
    Skal du lage teppet ditt stort?
    Eg har og vore innom den bloggen du snakka om, og skal sjå om eg kjem på kva den heiter... er mulig at eg følger den bloggen og!! Ellers er eg i male modus i dag, to bilder har det blitt hittil i dag! Prøver å få ferdig det tredje før eg reiser heim!
    Ha ein fine fredags kveld!

    SvarSlett
  2. Her e ein link du kan sjå på http://www.flickr.com/groups/enbestemoromdagen/
    den fann eg på http://solhag.blogspot.com/
    kan det vere der du har sett det??

    SvarSlett