mandag 8. juni 2009

Før-Jonsok-gjeremål

Etter gamle merker og allting, så er det visse ting som gjerast før Jonsok. Iallefall visst ein skal kunne kalle seg småbrukarar eller bønder eller noko slikt. No er ikkje vi alltid så flinke til å gjere ting til rett tid, men noko kan ein ikkje slurve med.


Og dette noko er altså UGRAS-BEKJEMPING. Og her på gardstunet gjer vi det på gamlemåten. Sidan vi driv Økologisk så er det ingen bøn. Det må opp med rota.

I går var det husbonden som gjekk berserk på attlegget på jakt etter Høymole.


Og i dag var det eg og gutane som fjerna alle spor av Hundekjeksen. Den har vi heldigvis klart å få kontroll på. Men den må jaktast på kvart å. Den kjem snikande inn over bøane og hagen.


Men kvar kjem den fra, jo da den kjem fra naboen. Sorry nabo. Men den er ei landeplage. Hundekjeksen altså. Og så er den ikkje brukande til noko som helst.


Det einaste som er godt med den er at da får gutta boys tjent seg nokre kroner. Dei går laus på den med kroner i blikket. 1 krone 2kroner osv.........

Husfrua måtte punge ut med ein slump idag, ja.







Og her er kjelda til all Hundekjeksen hos oss.

Dagens fangst. Dette må oppbevarast som farlig avfall. Det står natta over i stallen, da blir det meir handterlig, og så blir det pakket i plast og kjørt bort, langt bort. Til søppelfyllinga.

Så til ein mykje kosligare Før-Jonsok ting. Sommergjestane er begynnt å komme. Denne gang til stor begeistring for vår hest Lea. ( vår andre hest er enno hos hingst) Lea var veldig fornøgd med at det i år kom ein unghest, og til og med ei hoppe. Dei leika ilag i heile går kveld, men i dag var det litt trasig vær, så då sto dei for det meste og sov i le for regnet.
Her kjem sikkert fleire iløpet av juni.

slutten av dagen tok eg og eldstemann oss ein tur. Vi gjekk opp den gamle stølsvegen, og her må det gjerast noko, for den gror snart igjen. Så neste gang må vi ha med Husbond og Motorsag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar