mandag 18. mai 2009

Rakel skal på tur

Rakel, fine hesten min, skal på tur.
I dag har ho fått av skoa sine, for dei kan ho ikkje ha på. Ho er i "rette tida". Ho reiser på Torsdag. Og ho skal ikkje på ferie.
Ho skal til PARADISE HOTELL. Altså, ho skal på besøk til Merinas Emil, hingsten som sto som "Spiss" på Eid, og han leverte ei strålande utvida bruksprøve. Det må jo berre bli bra. Der skal ho ver og kose seg nokre veker.
Då blir det forhåpentligvis føll til neste vår.


I dag har det verkeleg gått unna her på Tunet. Vi er så smått begynnt med å gjere klart til den store festen i slutten av mai.
Hadde ikkje tenkt å ta det så veldig nøye.
Berre vaske litt i krinker og kroker.
Men det er litt greitt å ha slike merkedager å jobbe mot.
Ein får ting gjort.
Og sidan her om sommaren er eit yrande hesteliv, så det som ikkje er ferdig til skuleslutt blir som regel ikkje gjort.
.
Men sidan eg no fikk arbeidslysta kasta over meg, så sette vi i gang.
Veit ikkje om det ligger under kategorien barnearbeid, men guten ville jobbe, og da må han jo få lov til det.
.
Derfor har vi vaska vindauge inne og ute på bad, gang og stove. Han lillegut synest dette var stor stas.
Og med SmurfeHits over høgtalarane så gjekk det så det susa.
Pus tar alt med stoisk ro.


Og etter ein koselig lunsj, så lurte han jo på dei malekostane vi kjøpte forrige veke, om dei ikkje skulle brukast.
Og mor sjølv tenkte: Kvifor ikkje.
Huset skriker etter tjære, og det var jo planlagt å begynne i desse tider.
.
Eg måtte vel og merke legge ut presenning på terassen.
Og senke litt på nøyaktighetskrava,
men DU VERDEN. Lillegut mala og nynna og storkosa seg.
Og gjorde faktisk ein kjempejobb.
.
I morgon skal eg legge til eit bilde over kor langt vi kom.

Dette er altså huset vårt. Eit stadig prosjekt, som ein håpar ein skal komme i mål med ein gong.
Huset er bygd i 1926, er i lafta tømmer, alle vegger innvendig.
Isolert og kledd utvendig, og vi valgte, ( sjølv om eg av og til angrar) å tjære huset slik det opprinneleg var. Vi har no hatt på to lag tjære, og i år håper vi at det blir metta. Slik at det holder seg ei tid.
Inne er vi stort sett ferdige med dei romma vi bruker, men det er snart på tide med litt gjesterom, tv stove ol.
.
Husbonden er også av den oppfatninga av at vi kan klare alt sjølv, dermed tar ting tid.
Er vel litt i den gata sjølv også.
.
Taket er valma, slik var ganske typisk for så store hus den tida.
Vi har her to fulle etager + fullt loft+ full kjeller.
Stadig oftere lurer eg på kva ein skal med det, men her har i folksomme perioder budd 25 stk.
Vi er no 4, og kan skryte av at vi har kvar sin etage.
Men, og det er eit ganske stort men, huset er alt for stort når det skal tjærast, vaskast, ropast til middag, leite etter noko, så har ein plass til alt mulig og blir litt samlarar. Det er også litt for stort når eigedoms-skatten skal regnast ut.
Ha ei fortsatt fin veke

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar