lørdag 16. mai 2009

Forskjellig

ja idag blir det verkeleg forskjellig her frå Tunet.
.........................................
Trampolinehopping..........Det er jo både morsomt og sunt, men heilt umulig å få tatt bilder av hoppande ungar. Dei blir alltid borte vekk.


Ferdig vest. No er vesten avlevert til rette vedkommande, og jenta er klar til 17.maifeiring. Her på tunet går det i stryking og klargjering av finstasen. Det er vel syssel nummer ein i dei fleste norske heimar i dag.
Vi håpar på ein super dag med mykje is, pølser, kaker og anna snadder.
Måtte også værgudane stå oss bi.




Dette vart sikkert det mest rotete innlegget mitt EVER.
Men her sit eg på fjellet og tenkjer på ingenting.
Har fått unna det som skal unna, og er eigentlig litt SJOKKERT over det.
Så ha tolmod med meg.
........................................
Er ikkje vant med å vere i den situasjonen.
Kanskje eg har lært. ( sjølv om det er lite truleg)
At ting kan gjerast i god tid, slik at ein slepp å kave rundt i siste liten.
Eller så har eg slakka litt på krava. ( litt meir truleg)
Men du verden kor kjekt det er.
Å sitte slik å ikkje ha noko spesielt å tenkje på.


Ynskjer alle ei strålande og fin 17. mai.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar