torsdag 26. februar 2009

Torsdag.26.februar


Hei alle saman.

Det går framleis fint her nede i Chile. Vi koser oss. Sidan det var bursdagen min i dag har vi feira med å ta ein runde med shopping, og kos i byen. Har ete på McDonalds og greier. Elles var vi innom Mercado municipal som er eit stort lokalt marked på eit heilt kvartal. Her finner vi det meste av lokalt handverk. Mapuche handtverk. Det består av mykje ting i tre, smykker, trommer og strikkevarer (ponshoer og jakker). Det står tett i tett.

Elles så går vi stadig framover i spansken, og i dag fekk Laila endeleg kjøpt paraset. Kvar tredje butikk her er en Farmacia. Men det er ganske langt til daglegvaren.

Vi har ikkje fått tatt så mykje bilder av byen, men det kommer etterkvart. Bybildet er ganske spesielt. Husa er på ein to-tre etager, trange gater med det meste av kjøretøyer. Overfylte busser, hissige taxier, hester og så de stakkars hundene. Her er eit utall av laushunder. Overalt. Og om nettene holder dei eit sørgeleg leven. Hundene går og valser på fortauene, men passer seg for både folk og biler. Eller så ligger dei og sover under eit boss-spann. Her er eit bilde av ein av kvelpane som holder til utanfor Hotellet.

I dag har det også vore fint ver og vi har fått bada mykje. God natt og ha det bra alle saman.

2 kommentarer:

  1. Hei og gratulerer med overstått bursdag Laila! Det ser ut som dere storkoser dere der nede, og Huguito er eit skikkelig sjarmtroll. Hadde eg vert dere hadde eg reist rundt å opplevd landet når alt roer seg ned men advokater og rettsaker. Må sei eg misunner dere der nede i varmen, her har vi hatt kuldeperiode ned i -20 grader og vind. veldig kjekt å lese om dere på bloggen. Hils masse til gutta boys!

    SvarSlett
  2. Krikuss vil sei Kristin Kusslid =)

    SvarSlett