lørdag 28. februar 2009

28.februar.




Hei igjen.

Her i Chile holder vi ut. Idag og i går var her over 30 grader, så vi har det varmt og godt. Dagane går med til å bade, ete, leike med Lego, spele fotball, gå ein tur til byen, og prøve å få ein rutine på ting.
Vi begynner å merke at vi er litt mykje på eit lite avgrensa område, og i dag har det liksom toppa seg med at vi ikkje hadde varmt vatn til dusjing.

Her er nokre bilder av byen Temuco. Gateselgere og damer som selger varme empanadas. Her er mykje folk, men også mykje politi i gatene. Alle politi og vakter er bevepna, og det verkar litt rart på oss nordmenn. Men Huguito helsar alle politiene med: Hola mis amigos. Como estas.
Han er nok opplært til at politiet er ens venner, og det er jo bra.

Andrè står på fiskemarkedet og griner på nasen, og det er ikkje utan grunn, de kan sjølv tenke dere korleis eit slik innandørs fiskemarked luktar i 35 grader.
Elles så har vi no tatt opp litt skulearbeid. Så her er klasserommet til Andrè. Han synest det er heilt toppers.
I dag hadde Laila og Andrè seg ein tur aleine til byen mens Huguito og Tommy bada. Vi åt ein herleg papatas fritas (pommes frites) på ein liten kiosk. Der ser vi heile gangen fra å vaske poteten, skrelle, dele og steike. Litt morsomt.
I morgon tar vi sikkert turen litt videre enn 20 min fra hotellet. Håpar alle har det bra heime og holder seg friske.

2 kommentarer:

  1. Hola, familia Aasen.
    Her på Kletten har vi det berre bra. Stort sett friske. No er vinterferien over, og alle klar for skulen igjen, sant Kristian? Han kunne vel hatt ferie litt til, men vi for bare hoppe i det igjen. Kristian og dei er begynt med fotballkampar igjen, så mykje fokus på det. Skal til Eid på torsdag og så KM innandørs i Florø til helga. Ellers kunne han visst tenkt seg slike skuleforhold som Andrè har:D. Ser veldig deileg ut!! I dag har her vore skikkeleg regnver. I går snøa det, så det har vore skikkeleg sørpete idag. Så ikkje noko ski på oss i dag.Har vore ein køyretur på Aasane i dag, med bildene:D Etter det var vi på handballkamp. Lene og dei møtte Fyllingen i dag. Dei spelte bra og hald følgje ei god stund, men tapte tilslutt med 6-7 mål. Dette var siste heimekamp i år, så blir vel kanskje lenge før vi ser ho i handball-aksjon her igjen? Ho er iallefall klar for neste år!! Ellers har eg og Geir og hatt litt ferie denne veka. Eg hadde fri onsdag og torsdag, han torsdag og fredag. Gjer godt med litt innhenting. Torsdag hadde vi ein lengre skitur med Therese. Gjekk rundt Gjøset, 12 km. Det vart ein bra lang tur, verst i begynnelsen. Etter kakao og litt pølser, gjekk alt mykje betre!!
    Ser ut som dere har det berre bra, trass i at plassen kan bli liten etter kvart. Ser at det er ein del å oppleve. Kan nesten tenke meg lukta på fiskemarkedet!!
    Lukke til vidare på ferda, alle saman, vi følgjer dere!!
    Klem frå Systa

    SvarSlett
  2. Heiii:)
    Så deilig med litt varme da!!Her er det berre surt og kaldt...regner og herjer på:)
    Tru eg såg kamilla longere Rakelmennesje her ein dag:)Såg ut tilat det gikk unna du:)hehe!!:)
    God dere klarer og holde skuleabeide under kontroll da!:)Hehe!:)
    Huff den lukter sikkert ikke noko særleg:(Sikkert ei forferdelig lukt andre!!:)
    Hehe, spennande med vepna politi da...Litt uten om det vanlige lissom:)
    Kos dere i varmen og nyt det alt dere kan:)Driiit veiret får dere nok ta atte her i norge:)
    Hilse alle sammen:)
    Klem fra bruland:)

    SvarSlett