tirsdag 10. februar 2009

1 veke

I dag er det ei veke til vi skal reise. men den veka kjem til å vere laaang, men sørgelig kort.

Lang uke når ein tenker på kor lenge det er til vi kan reise for å hente vår lille gut. Lengte og lure på korleis han har det og kva han tenker på.

Og så alt for kort når det er så mykje meir ein skulle ha gjort. Forberedt seg meir, lært bedre spansk, levere papirer, hente papirer, levere dyr til sine respektive dyrepassere, kanskje få vasket opp allt av klær (av ein merkelig grunn blir skittentøyskurven stadig fyllt opp på nytt), tømt kjøleskap, og fundere på om blomstrane toler 6-8 veker utan vatn.

Prøver å legge ein plan, men har eigentleg kontroll. I noverande sekund iallefall.

Kanskje eg skal holde den tanken. Jepp.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar