fredag 5. juni 2009

Ooops!

I all dåpsvirvaret har alt anna (les hagearbeid) stoppa opp, og eg oppdaga plutseleg ??? at sukkerertspirane + mykje anna ikkje var komt i jorda!!!!!
Nei her har vi sovna på post.
Så då var det berre å komme seg ut, og gjere noko med det.
Og Lillegut var selfølgeleg med.
Og er klar til å grave i jorda.
Og dermed har både sukkererter, reddikar, salat og anna fått nytt livsgrunnlag.


I dag har også eldstemann vore heime frå skulen, han var skikkeleg dårleg, med feber og rennande nase. Då er det godt å få ferskt bakverk.
Oppskrifta på deiga er ei gammal rundstykke oppskrift, som eg ofte brukar.
Det er berre å leite i kjøleskap og putte inni det ein ynskjer.
Ein kan lage dei med pizzafyll, løk, grønsaker, bacon, sopp eller urter.
Men i dag vart det skinke og ost.

Det held til tre små brød. Men eg skulle ha baka meir, for no er det tomt.
Dei vart kjempegode altså.



Oppskrift:
25 g gjær
2,5 dl vatn
1/2 dl nøytral olje
1 ts salt
ca. 8 dl kveitemjøl
Fyll:
ca 250 g eller etter eget ønske
Rør gjæra ut i lunka vatn, tilset olje, salt og mjøl til ei blank og smidig deig. Hev i ca 1 time.
Del deiga i tre, kjevl ut, legg på fyll og rull saman. Strø revet ost på brøda. Legg brøda på smurt langpanne, og etterhev ca 30 min. Steik på 200 grader i 25 min, avkjøl på rist.
Enkelt og veldig godt.
Men kan med fordel lagast dobbel.
*
Etter at Sanki, vår trufaste graver, har vore på ferde i grønsak og jordbær åker,
fannt husfrua ut at her måtte det ei grind til.
Har lenge sett for meg ei gammal værbitt grind, men når eg ber husbonden om hjelp, så blir det som regel så fordømt perfekt.
Så derfor gjekk eg på tur, fannt nokre gamle plankar og boks ( har lært såpass) noko gammalt seletøy fra hestane, og på 1-2-3 har eg grind.

Var ikkje heilt høg i hatten når verket skulle visast fram til husbonden, men det han sa var, "Den gjer nytten den."

Så no får dei nyplanta grønsakene stå i fred.

Ønsker alle ei riktig god helg.

2 kommentarer:

  1. Utrolig sjarmerende den porten din du! Synes du har vært kjempeflink jeg :-)

    SvarSlett
  2. Ooops... glemte helt å si at den der oppskriften din vil jeg jammen prøve. Ser kjempegodt ut!!!

    Baker av og til horn som fylles på samme måte, men med grov deig. Da bruker jeg enkelt og greit en ferdig melblanding... Hysj! - ikke si det til noen, tjihiii :-)

    SvarSlett