Etter gamle merker og allting, så er det visse ting som MÅ gjerast før Jonsok. Iallefall visst ein skal kunne kalle seg småbrukarar eller bønder eller noko slikt. No er ikkje vi alltid så flinke til å gjere ting til rett tid, men noko kan ein ikkje slurve med.
Og dette noko er altså UGRAS-BEKJEMPING. Og her på gardstunet gjer vi det på gamlemåten. Sidan vi driv Økologisk så er det ingen bøn. Det må opp med rota.
I går var det husbonden som gjekk berserk på attlegget på jakt etter Høymole.
Og i dag var det eg og gutane som fjerna alle spor av Hundekjeksen. Den har vi heldigvis klart å få kontroll på. Men den må jaktast på kvart å. Den kjem snikande inn over bøane og hagen.
Men kvar kjem den fra, jo da den kjem fra naboen. Sorry nabo. Men den er ei landeplage. Hundekjeksen altså. Og så er den ikkje brukande til noko som helst.
Det einaste som er godt med den er at da får gutta boys tjent seg nokre kroner. Dei går laus på den med kroner i blikket. 1 krone 2kroner osv.........
Husfrua måtte punge ut med ein slump idag, ja.
Her kjem sikkert fleire iløpet av juni.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar