tirsdag 24. mars 2009

Tirsdag




Hola
Idag var vi atter ein gang i parken i Pucon og kjøyrde bil, og det er like hysterisk morsomt idag. For oss vaksne iallefall. Men idag hadde mannen som springer etter lært, og ga Lilletrollet ein treigare bil. Det vart ikkje tatt heilt godt opp, for han var rasende hele vegen rundt. Spesielt da han vart forbikjøyt av ei lita jente i ein Barbi-bil med rosa paraply.
Erik og Tommy har brukt kvelden på å forhandle med bilutleigere. Dei hadde på forhånd oppgitt ein pris, og når bilen blei levert var den litt høyere. Men til slutt vart ein på ein måte einige, om vi kom så veldig langt med diskusjonen er vel ein annan sak.
Så no er vi pakket og nesten klar til avreise i morgon tidleg. Vi har ein vel 800 km lang biltur foran oss. Vi kjem sikkert til å mellomlande litt før Santiago, og reiser videre etter eit møte med folkereg. der. Forhåpentligvis får vi møtet torsdag eller fredag.
Elles så er her eit bilde frå sentrum, og eit gardsbruk langt opp på fjellet, som tilhører det vi kan kalle den litt fattigare delen, Her er vel og merke mange store flotte gardar rundt her. Og vi ser kvifor biffkjøttet er så godt. Oksane går ute på beite heile tida. Grisane likeså.
Så kanskje vi har noko å lære heime i Norge. Det er forskjell på kvalitet og kvantitet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar