mandag 9. mars 2009

Ridetur





Pucon.
Ein liten by, med ca 2000 innb. lever og ånder for turisme, og med god grunn. Her er ein fantastisk natur. Mykje å oppleve og sjå på.( men ikkje så flott som heime) Byen er heilt annleis enn Temuco. Her er alt tilrettelagt for turisme, alle bygningar er i massivt tømmer og allt av gater og parker er godt vedlikehalt og pynta med blomster og hekker.

Annankvar Butikk driv med salg av aktiviteter, og i går bestemte vi oss for at vi skulle ta ein ridetur. I dag har det vore ein ubeskrivelig varme, sikkert langt over 30, og veldig trykkande. Men det var litt bedre ute på tur. Vi tok oss litt vatn over hodet da turen varte i nesten 4 timar, men heldigvis for oss er vi litt vant med hest. ( det var ikkje alle deltakarane på turen som var det) følgeleg hadde dei litt problem med å gå etterpå. Tommy er heller ikkje så vant med å sitte oppå hesten, så han må nok sitte mjukt nokre dagar. Utanom det kosa vi oss. Og lille Trollet var forbausande tålmodig på den lange turen. Det var ubeskrivelig støvete ein del av turen, og eg trur ikkje vi nokon gong har vore så skitne.( bortsett frå under vaksinering og merking av sauer før fjell-slepp)
I morgon kjem advokaten vår hit, og ho kunne fortelle at alt går etter planen. Så imorgon kan ho levere alle papirene til folkeregisteret, slik at dei kan registrere adopsjonen, og da kan Huguito få personnummer. Det må han ha før han kan få Chilensk pass, som han igjen må ha for å få eit norsk ett. Og så ber vi dere alle hjemme om å tenke positive tanker, at vi etter det får bilett heim, på dagen.

1 kommentar:

  1. Heihei:)
    Å hei ko det ågr her ser eg:)Flott at dere har det så fint:)Det er morro:)
    Ridetur eg bra, å på en anna hesterase enn den gode fjordingen vår:)Hehe!!:)
    Det er fantastisk at adopsjonen og alt går så bra, håper der får alt iorden, fort og gale!!:)Så kjem dere dere heim til oss alle her:)Tru alle venter i spenning :)
    Men du laila mor!!Eg savner litt bilder av deg her inne:)Du måkke sjenere deg!!<3
    Hehe:)
    Kos og klem til alle 4:)

    SvarSlett