tirsdag 21. april 2009

planer ??????????

Ja da. I dag skulle eg liksom bake. Men det vart jo ein nydeleg dag igjen, og so hadde eg ikkje egg. Men det kjem nok fleire dagar.
"Det ein ikkje rekk i dag, rekk ein sikkert i morgon"
Og så var det desse Pelargoniane då. Elskar dei. Men her i gården elskar ikkje dei meg. Men det er vel nokon der ute som kan fortelle ein nybegynnar i Pelargonia-faget, korleis eg kan gjere dei til lags.
Akevitt-smaks-prøve-settet til Mannen, kom til nytte. Eg kan ikkje utstå akevitt, men med blomster i var det noko heilt anna. Eg kan no nyte desse flaskene i fleire dagar.
Eg kunne godt tenke meg eit slikt drivhus. Men enn så lenge får eg nøye meg med søte små minidrivhus.Eg skulle også begynne å så idag, men drøymte meg heilt vekk. I dei små jordbærplantane. Tenk på alle dei gode jordbær-dessertar, paiar og kaker det kan bli om ein månads tid.
Sukk

Og so skulle eg fikse litt på gjerdet til kjøkkenhagen, men fann ikkje passe spikar. (det var eigentlig berre ein dårleg unnskjyldning) Ergo: Dagen forsvann, sånn heilt utan vidare.Men trøstar meg med at ein ikkje treng å vere så veldig effektiv heile tida.I morgon..............................................................

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar